Sau med symptomer på blåtunge og som sikler. Bildet er tatt av sau på en bondegård i Agder i september 2024. 
Foto: Annette Hegermann Kampen

Kort om blåtunge – sau og storfe

28. september 2024 | Aktuelt

Har du mistanke om blåtunge på sau eller storfe – ta kontakt med din praktiserande veterinær. Og varsle mattilsynet umiddelbart på tlf 22 40 00 00. Her er litt info om sjukdommen og symptomer.

Liv Kristin Sola

Alle foto er henta frå presentasjonen: Blåtunge påvist i Norge – sjukdom, symptom og smittevern” 24.09.2024 – Animalia, Veterinærinstituttet og Mattilsynet.

Blåtunge smittar drøvtyggjarar  som sau og storfe, men òg lama, alpakka og ville hjortedyr. Sau blir sjukare enn storfe. Blåtunge smittar ikkje frå dyr til dyr, og er ikkje farleg for folk.

Inkubasjonstid frå smitte til sjukdom er fem til femten dagar, og dyr som har vore gjennom sjukdommen er immune for livet.

Symptom hjå sau kan likne munnskurv, fotråte og alveld. Symptom hjå storfe kan likne vondarta katarrfeber eller ulike klauvlidingar.

Smittevegar

  • Sviknott
  • Sæd
  • Sprøytekanylar og anna infisert utstyr

Blåtunge spreiar seg over store delar av kystområda i sør, og næringa jobbar på spreng for å oppdatere situasjonen og informere bønder, veterinærar, rådgivarar og andre om kva som skjer og korleis dei skal handtere situasjonen. Spørsmåla er mange. Nokre finst det svar på, andre spørsmål treng meir tid til å finna svar på.

Torsdag i sist veke inviterte arbeidsutvala i Nortura Vest og Agro til infomøte på Teams om blåtunge. Fagsjef mattrygghet hjå Nortura, Astrid Søyland Grødem, som òg er veterinær, gjekk gjennom viktige punkt.

Her er eit utdrag frå presentasjonen til Søyland Grødem, oppdatert 27. september 2024.

</p>
<p>Sår på nese og rennende nese. Foto: René van den Brom (Royal GD, Netherlands)

Sår på nese og rennende nese. Foto: René van den Brom (Royal GD, Netherlands)

Vertikal smitte: Vertikal smitte (mor til foster) og smitte via sæd er mulig. Illustrasjonsfoto: Animalia / Jonas Ruud

Vertikal smitte: Vertikal smitte (mor til foster) og smitte via sæd er mulig.
Illustrasjonsfoto: Animalia / Jonas Ruud

Symtpom hjå storfe

Virus kan bli overført frå ku til kalv. Kalven kan bli abortert, vere svakfødd eller fødd med misdanningar. Levande fødde kalvar med virus i blodet er smittekjelde for smitte til sviknott når denne igjen er aktiv om våren.

Sårdannelser i munnen, sikling

Sårdannelser i munnen, sikling.

Hevelse og sårdannelser på spenene

Hevelse og sårdannelser på spenene.

Rennende øyne.

Rennende øyne.

Hevelse og ømhet i klauvrand.

Hevelse og ømhet i klauvrand.

Foto over: Evert van Leeuwen og Roger Vrouenraets. Fra brosjyren “Beredskap Blåtunge”

Overleving og formeiring

Viruset overlever ikkje i naturen, men i den blodsugande sviknotten. For at ein sviknott som har fått i seg virus etter eit blodmåltid skal smitta vidare til nye dyr, må viruset oppformeira seg i sviknotten. Dette er temperaturavhengig. Ved utetemperatur på 18 til 20 grader går det 24 dagar frå eit blodmåltid til knotten kan smitta vidare. Når temperaturen går under 15 grader er det rekna til 174 dagar og det er lenger enn knotten lever.

Smitta sau vil ha virus i blodet i 30 dagar, smitta storfe i 60 dagar

Blod, sæd og avkom frå infiserte dyr kan innehalda virus. Sviknott overvintrar som egg eller larve, men viruset overlever ikkje i sviknott gjennom vinteren.

Virus kan bli overført frå ku til kalv. Kalven kan bli abortert, vere svakfødd eller fødd med misdanningar. Levande fødde kalvar med virus i blodet er smittekjelde for smitte til sviknott når denne igjen er aktiv om våren.

«Smitta sau vil ha virus i blodet i 30 dagar,

smitta storfe i 60 dagar.»

Astrid Søyland Grødem

Kva gjer du ved mistanke

Det er ingen spesifikk behandling mot blåtunge, Veterinæren vil vurdera tiltak i det enkelte tilfellet. Veterinæren undersøker dyret, kontaktar Mattilsynet, tek blodprøvar og vurderer behandling, evt avliving.

  • Du MÅ melde frå til Mattilsynet, gjerne via veterinæren din.
  • MT vil vurdera om dei vil ta ut blodprøve av fleire dyr for å få eit bilete på kor utbreidd smitten er i besetninga

Tiltak mot smitte

  • Ta dyra inn når sviknotten er mest aktiv: rundt solnedgang, om natta og ved soloppgang. Og i vindstille ver.
  • Prioriter verdifulle avlsdyr – ha dei gjerne inne.
  • Insektmiddel har liten effekt.

Vaksine

  • Må ha godkjenning frå Mattilsynet, og vaksinen beskyttar ikkje fullt mot sjukdom.
  • Mattilsynet opnar nå for frivillig vaksinering i ei bestemt sone.
  • Ikkje aktuelt i haust fordi det ikkje vil beskytta dyret før sviknott-sesongen er over.

Restriksjonar for bonden

  • Du får ikkje selje livdyr.
  • Du må få tillatelse til å slakte dyr – det blir gitt.
  • Friske dyr blir ikkje avliva.
  • Ikkje aktuelt med sanering av bygningar som ved til dømes ved ringorm
  • Ingen offentleg erstatning for sjukdom eller tap av dyr.

Restriksjonar nasjonalt

  • MT vedtek i desse dagar ei soneforskrift med ulike restriksjonar og tiltak.
  • Ei samla husdyrnæring innfører tiltak utover det som blir pålagt av Mattilsynet.
  • Dei ulike næringsaktørane vil informera sine produsentar om tiltak som blir innført.

Følg med oppdatert info hjå Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Nortura, Animalia, Bondelaget, NSG, KLF legg alle ut oppdatert informasjon med lenker til Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

Kjelde: Astrid Søyland Grødem, Fagsjef mattrygghet hjå Nortura

Sau med symptomer på blåtunge i munnen. Bildene viser sau fra en bondegård i Kristiansand og er tatt 11. september 2024. Foto: Marie Myklatun Krosness

Sau med symptomer på blåtunge i munnen. Bildene viser sau fra en bondegård i Kristiansand og er tatt 11. september 2024.
Foto: Marie Myklatun Krosness

Sau med symptomer på blåtunge og hovent ansikt. Bildet er tatt av sau på en bondegård i Agder i september 2024. Foto: Annette Hegermann Kampen

Sau med symptomer på blåtunge og hovent ansikt. Bildet er tatt av sau på en bondegård i Agder i september 2024.
Foto: Annette Hegermann Kampen

Sau med symptomer på blåtunge. Bildene viser sau fra en bondegård i Kristiansand og er tatt 11. september 2024. Foto: Annette Hegermann Kampen

Sau med symptomer på blåtunge. Bildene viser sau fra en bondegård i Kristiansand og er tatt 11. september 2024.
Foto: Annette Hegermann Kampen

</p>
<p>Sau med symptomer på blåtunge og blødning og skum fra munn. Bildet er tatt av sau på en bondegård i Agder i september 2024. Foto: Annette Hegermann Kampen.<br />

Sau med symptomer på blåtunge og blødning og skum fra munn. Bildet er tatt av sau på en bondegård i Agder i september 2024. 
Foto: Annette Hegermann Kampen

Stikkord denne saka: ,