Seminar Norsk Bufe Trond Norland og Maiken Jørmeland

Dei unge bøndene, Trond Norland og Maiken Jørmeland, vil satsa på vestlandsk fjordfe, og sal av kjøt frå eigen gard.

Ønske om meir kunnskap om dei gamle norske kurasane, lokka sambuarparet Maiken Jørmeland og Trond Norland frå Tau til Jevnaker, til seminar  på Thorbjørnrud Hotel.

Med seg heim fekk dei kofferten full av inspirasasjon og motivasjon, i tillegg til mykje nyttig kunnskap og nye bekjentskap. Heime i fjøset på Tau, har foreldra til Trond, Lise og Torbjørn Norland, ein mjølkekvote på 100.000 liter. Dei har 17 kyr og 30-35 ungdyr. 15 sauer gjer jobben med å rydda beitene. Trond har nyleg kjøpt eit nabobruk, og i lag med jorda på heimegarden eig dei 176 dekar dyrka jord, 23 dekar beite og 30 dekar skog. Til buskapen høyrer det også til eit par kyr av vestlandsk fjordfe.

Frilandsgris

Far Torbjørn er heiltidsbonde. Trond er tømmermann og Maiken har jobb på ein matbutikk. For liksom å koma i gang som aktive bønder, kjøpte dei ti smågris som dei fôra opp ute som frilandsgris, slakta og selde via facebook, i fjor. No har dei nett fått inn ei ny pulje med ti smågris. Planen er at desse skal bli kotelettar til gillsesongen. I sommar får dei ein ny pulje, som skal fôrast fram og slaktast i god tid før ribbesesongen.

 

Lokal tilknyting

I kufjøset står det eit par eksemplar av vestlandsk fjordfe. Ifølge Trond, er det berre starten.

– Me vil gjerne driva med kyr som har ei lokal tilknyting, som har sin historie her på Vestlandet, seier Trond.

Etterkvart som dei har fått meir kunnskap om dei stadeigne rasane vert dei stadig meir motivert og sikre på at det er dette dei vil.

– Kjøtet har spesielle kvalitetar med god marmorering av feittet. På grunn av at dyra veks og utviklar seg seinare enn dei moderne rasane, vert kjøtet finfibra og mørt. Men skal me få lønsemd ut av dette, må me selje kjøtet sjølve, seier Trond.

Det ser han ikkje mørkt på, etter gode erfaringar med sal av kjøt frå frilandsgrisen. Planen er å fôra dei vestlandske kyrne berre med gras, og tilby eit annleis produkt til folk som er opptekne av heilskapen i produksjonen.

– Slik det er i dag, har ikkje slakteria høve til å skilja mellom kjøt frå ulike rasar og ulike produksjonar, og ta ut meirpris for kjøt som det er større betalingsvilje for. For slakteria er det kilo og volum, og jamne slakteskrottar som gir økonomi.

 

Kalv vestlandsk fjordfe

Kalv av vestlandsk fjordfe.

Ros til dei som kjempa i motbakke

Maiken og Trond er ikkje mindre inspirert etter å ha møtt mange av dei som har kjempa for dei gamle rasane, helst i ein jamn motbakke i fleire tiår.

– Dei skal ha ros for den viktige jobben dei har gjort med å ta vare på dei norske kursasane, i ei tid der det ikkje har vore særleg “tøft”, og mange har blitt sett ned på på grunn av dei utradisjonelle vala dei tok om å drive med dei tradisjonelle rasane.

Det unge paret trur at tida jobbar for auka mangfold og aksept for at bønder tek ulike val. I alle fall; forbrukaren klar for at bøndene tenker annleis, og dei er villige til å betale for kjøt som har ei historie og som kan sporast attende til bonden. Det veit dei som har kasta seg ut i det.

Interiør Thorbjørnrud Hotel

Atmosfære og interiør frå Thorbjørnrud Hotel, Jevnaker.

Kuskinn, med særprega mønster og tilknytting til rase, kan bli meir ettertrakta på marknaden.

Stikkord denne saka: , ,