Utfordrar bøndene: Jostein Brobakk, Erik Magnus Fuglestad og Katrina Rønningen ønska innspel til korleis klimatiltak kan innrettast for best mogleg å ivareta landbruket sine interesser.
Forskarane utfordrar jærbøndene: – Kva er ein klimasmart og lønsam produksjon av mjølk og kjøt?
Liv Kristin Sola
Spørsmåla frå Ruralis-forskarane, Katrina Rønningen, Jostein Brobakk og Eirik Magnus Fuglestad, utfordra forsamlinga som deltok på dialogmøte om mjølk, kjøt og klima på Øksnevad vgs. på Jæren i førre veke. Salen var mest fullsett av landbrukselevar frå skulen, i tillegg til ein representant frå Nortura og frå Tine, samt Rogaland bondelag, NLR og nokre bønder.
Må kutte utslepp
Norsk landbruk står for om lag åtte prosent av samla norske utslepp. Ifølge Ruralis må utleppa reduserast med kring 18 prosent for at Norge skal nå klimamåla i Parisavtala innan 2030.
Forskarane kom til Jæren for å høyre korleis næringa sjølv ser på moglegheiter og konsekvensar ulike klimatiltak kan få for landbruket i regionen. Kva er fornuftig avdråttsnivå? Kva er optimal buskapsstorleik? Bør vi satse på kombinasjonskua eller reindyrke mjølk og kjøt? Kva er ein god bonde? Kva er ein klimasmart bonde?
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.