BN+

Norsk Rødt Fe skaper begeistring i Kina. Heile 100.000 sæddosar er eksportert til landet sidan november i fjor då den kinesiske marknaden vart opna for godkjenning av NRF.


Liv Kristin Sola


Geno eksporterer NRF-genetikk til 30 ulike land gjennom dotterselskapet Geno Global AS. Siste året var eksporten på 500.000 doser. Kina åleine står for 20 prosent av den internasjonale marknaden. Til samanlikning er salet her heime på 450.000 dosar.

Vil betre tilliten

Kinesiske styresmakter har sett i gang tiltak for å betre tilliten til meieriindustrien etter melanin-skandalen som råka landet i 2008. Mjølk og mjølkepulver vart tilsett melanin og fleire hundre tusen barn vart sjuke. Minst seks spedbarn mista livet. Skandalen kosta bøndene dyrt og meieriindustrien slit framleis med tillit i befolkninga.


– Kinesarane vil auke sjølvforsyningsgraden av meieriprodukt og betre tilliten til meieriindustrien blant anna ved å satse på ei ku som har god helse, friske kalvar og lite behov for medisin, seier leiar for internasjonal verksemd i Geno, Lars Kristian Bredahl, til Bondevennen.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,