Lokal forankring: Fullt med bønder og andre kulturfolk i maskinhus på Lyngen gard, under første kveld av Jorddøgn-festivalen. Kva er «jærsk kultur», var eit av mange tema. På scena, f.v. ordstyrar Lillian Utne, stortingsrepresentant Ingri Fiskaa (SV) og distriktssjef i NRK Cecilie Berntsen Jåsund. Lyngen gard blir driven av festivalmedarrangør og tidlegare Bondevennen-spaltist Gudmund Edland, og kona Silje Edland. Foto: Bothild Å. Nordsletten
Jorddøgn-festivalen moldar seg
Stint maskinhus når landets einaste festival for jord og ord opnar dørene for fjerde gong.
Sjur Håland
Gardsrommet på Lyngen gard er fullt av bilar, og maskinhuset til bonde Gudmund Edland tett av folk, heimelaga mat og stemning.
Høvet er «Heilaften på Lyngen gard», eit etter kvart fast, første innslag i den fleire dagar lange Jorddøgn litteraturfestival.
Frå scena kjem poesi, trekkspelmelodi samt sprelske historier frå dei som opplevde dei – halsbrekkande hendingar som Edland har samla til den nyss avslutta Bondevennen-spalta Ville sørvesten.
Her er også tid til ein «sofaprat» på scena, om kva «jærsk kultur» eigentleg er og kor den er på veg.
«Jorddøgn har fått til det me ville
– å starta spanande samtalar om
kven me er og kor me skal.»
Inger Haarr, festivalsjef
Fell på plass
Jorddøgn er ein relativt fersk litteraturfestival om jord og landbruk, om mennesket sitt forhold til natur og stad. Og, sjølvsagt, om språket som blir brukt for alt dette.
Festivalen, som stort sett føregår på Bryne, vart arrangert første gong i 2021. Bak står ein gjeng jærbuar med ulike bakgrunnar: To bønder, ein psykolog og forfattar, ein museumsarbeidar, ein redaktør (i Bondevennen), ein butikkarbeidar, ein bibliotekar og ein bakar. Felles har dei interessa for det skrivne og fortalte ordet, samt eit ønske om å utforska kven mennesket er- og kan bli i forholdet sitt til jorda, naturen og stadane dei bur på.
– Så me er nokså nye, seier festivalsjef Inger Størseth Haarr.
– Samstundes føler me at me byrjar verte – om ikkje etablerte – så i alle fall at fundamentet vårt trutnar.
Ho hevdar kombinasjonen av ord, jord, litteratur og landbruk har vist seg å vera fruktbar.
– I programrådet har me ei mengd problemstillingar me har lyst til å ta opp. Og så kjem det folk! Me synast at jærbuen har tatt oss veldig godt imot. Og, viktigast av alt, Jorddøgn har fått til det me ville – å starta spanande samtalar om kven me er og kor me skal, seier Haarr.
Jorddøgnarane’: Arrangørane av festivalen. F.v. Bothild Å. Nordsletten, Peter Franz Strassegger, Inger Størseth Haarr, Gudmund Edland, Íris Elísa (framme), Lillian Utne og Torvald Hadland. Foto: Ingve Gilje.
Midt i spenningsfeltet
Ein av grunnane til at Jorddøgn har slått til, trur Haarr, er at mange på Jæren kjenner seg knytt til jordbruket. På godt, og ‘på litt vanskeleg’, kanskje.
– Jæren er jo eit pressområde, presiserer Haarr.
– Midt i matfatet, men òg i ein veksande region med stort trykk for meir utbygging. Så jorda som festivalen vår krinsar rundt, er konfliktstoff i seg sjølv.
Bøker og arbeid
Dette året er det fleire store forfattarnamn på plakaten enn noko år før. Helga Flatland. Trygve Riiser Gundersen, som fekk Brageprisen i 2022 for boka si om haugianarane. Dordi Strøm som fekk NRK radio sin Lyttaranes romanpris i fjor. Og Ida Gilbert som vann Sørlandets litteraturpris for boka «Tute med de ulver som er ute.»
– I tillegg til dei reint litterære arrangementa har me eit om jordnært arbeid, der forfattarane og praktikarane Siri Helle og Solveig Aareskjold går i djupna på kva som eigentleg ligg i det å lage noko sjølv, frå botnen av, med sine eigne hender og hovud. I vår digitale tid, håpar me dette er noko som vekker folks interesse, seier Haarr.
«Jorda som festivalen vår krinsar rundt,
er konfliktstoff i seg sjølv.»
Inger Haarr, festivalsjef
Godt synlege bønder
Fleire bønder skal også på scena under festivalen, forsikrar Haarr.
Laurdag sit til dømes leiar i Rogaland Bondelag, Ståle Hustoft, i panelet med forfattar Espen Stueland og bygdeforkjempar Edel Urstad – ho som trekk fulle hus landet rundt i møteserien «Mening, mat og mot”, om lokal matproduksjon og beredskap. I debatten «Skriv meg framtida!” skal dei tre få tenkja høgt om kva nye historier og visjonar me treng, i møte med ei uroleg framtid.
– Det er billettar igjen til nokre av helgas arrangement. Ta turen, då vel, oppmodar Haarr.
Lenke til programmet/billettar: Jorddøgn Litteraturfestival
Korn og kultur: Festivalplakaten, teikna av den jærske kunstnaren Kirsten Opstad. Symbolet i svart viser eit timeglas som er lagt ned for å gi tid og ro til samtale og refleksjon.