Det beste av Dansk Jersey: Adelgaard Jersey har vore viktig for jerseyavlen i mange år. Eit svært veldrive bruk, med heile familien engasjert. Dei hadde plukka ut 15 kyr som dei stilte ut på utsida av fjøset. Åtte av dei vart kåra av dommarteam frå alle dei respektive landa. Ein del var ulikt, men vinnarkua hadde alle på førsteplass.