På tokt: Knips frå turen til Royal Highland-messa i Skottland i fjor. Foto: Privat
Inviterer til Royal Welsh Show
Nortura og Norsk Charolais-forening vil ha deg med på storfe-sjå.
Bothild Å. Nordsletten
– Me vil laga det kjekt for folk som likar å sjå på flotte dyr. Det blir gøy, seier Nortura-rådgivar Stian Espedal.
21.-25.juli blir han og bonde Tore Oftedal å finna som husdyrentusiastar, og reiseleiarar, på ei av Europas største landbruksmesser, The Royal Welsh Show i Wales .
– Det er ei fantastisk messe, seier Espedal, og lokkar med stor klyppekonkurranse, mengdetrening for klypparane og ullhandtering på høgste nivå. Blant mykje anna.
Stian Espedal
– I klassen Welsh open håpar me at nokre frå det norske klyppelandslaget vil hiva seg på. Me lagar også til litt opplegg for klypparane, med tanke på eit større klyppemeisterskap i byen Corven, like etter Royal Welsh Show.
Bonden i høgsetet
Espedal håpar også at turen og aktivitetane vil inspirera nokre av nordmennene til å hevda seg i verdsmeisterskapen i saueklypping i New Zealand i 2026.
Det er første gong Nortura-rådgivaren skal til Royal Welsh Show, men i fjor besøkte han Royal Highland-messa i Skottland. Det ga meirsmak.
– Eg opplevde at folka i Skottland har meir respekt for bøndene enn det folk har i Noreg. Tenk, Skottland er sjølvforsynte og eksporterer mykje mat. Eg håpar at dei som blir med oss får oppleva denne anerkjenninga av bonden.
Påmeldingsfristen for deg som vil vera med er 16.mai. Påmelding via medlemssida til Nortura, eller boeralreiser.no
Ved spørsmål, ta kontakt med Mette H. Østerhus på telefonnummer 901 81 056.