Inviterer bønder på festival: Peter Strassegger håper mange bønder finner vegen til Bryne og Jorddøgn litteraturfestival kommande helg. Foto: Henriette Framnes Time
Jorddøgn er litteraturfestivalen som vil bygga ei bru mellom jordbruket og omverda.
Jane Brit Sande
Jorddøgn er ein litteraturfestival med jord og jordbruk som overordna tema. Festivalen vil feira bonden og jorda, som grunnlaget for mykje av samfunnet, for språk- og kulturuttrykka. Førstkommande laurdag og sundag byr Jorddøgn på både føredrag, samtalar, byvandring, haustmarsj og lydboklansering.
Festivalsjef Peter Strassegger seier at festivalen handlar om å sirkla inn den jærske identiteten.
– Jord og jordbruk står sentralt i dette. Det gjer også litteraturen, men den har kanskje vore mindre synleg dei siste åra. Odelsguten Arne Garborg skreiv mykje om jordbruket i sine verk, seier han.
Ein litteraturfestival om jord og jordbruk er noko heilt nytt, ifølgje Strassegger. Han trur festivalen er høgst aktuell på Jæren.
– Her er det stort engasjement kring heilt eksistensielle tema, som til dømes jordvern, slik me har sett ein del av den siste tida. Med dette har me klart å løfte blikket, og rette merksemda mot våre menneskelege behov. Her er også litteraturen eit godt verkemiddel, seier han.
Eit bindeledd og ei scene
Jorddøgn vil vere eit bindeledd mellom by og land.
– Det er ikkje berre for byfolk dette er ein fordel, seier Strassegger.
Også festivalsjefen har fått med seg årets store bondeopprør.
– Eit opprør dreier seg om å vere verdsett, og å nå fram. Med festivalen vil me tilby eit knutepunkt, der bønder får plass både på scenen og i publikum, seier han.
Tre anbefalingar til bønder
– Kva tre arrangement meiner du bønder bør få med seg?
– Laurdag møtes tre generasjonar jærbønder til ein samtale om bøndene si rolle i regionen, og korleis den har endra seg, seier Strassegger.
Arrangementet heiter Eit jærsk generasjonsskifte. Bøndene som møtes til samtale på scena er pensjonert mjølkebonde Åmund Eikeland, Tone Steinsland, produsent av kylling til verpehøns, og Magnhild Aanestad, nyetablert bonde på Varhaug.
– Eg trur dei saman vil belyse mykje interessant, seier festivalsjefen.
Bothild Å. Nordsletten, redaktør i Bondevennen, er ordstyrar på dette arrangementet.
Strassegger anbefaler også «Draumen om ein gard», som også skal vere laurdag kveld.
– Her møtes forfattarane og småbrukarane Agnes Ravatn og Lars Svisdal, og Gudmund Edland, mjølkebonde og kulturformidlar frå Gjesdal. Dei byr på ein open, ærleg og humoristisk samtale om kryssingspunktet mellom kultur og landbruk, seier han.
Jorddøgn-sjefen si tredje anbefaling til bønder som vil på festival, er Tarald Oma si byvandring, laurdag morgon.
– Tarald er pensjonert bonde og leiar i Time historielag. Han vil ta oss med på ein rundtur med korte stopp med innslag av lokalhistorie. Landbruket si påverknad i utviklinga av Bryne som by vil vere viktige innslag, seier Strassegger.
Håpar på årleg festival
Strassegger håper årets Jorddøgn blir det første av mange.
– Me jobbar for at dette blir eit årleg arrangement, seier han.
– I år er Jorddøgn noko heilt nytt. Me må finne den rette forma, og ønsker å utvikla festivalen, seier han.
Billettane til årets festival er få, takka vere pandemien.
– Eg oppmodar dei som vil koma, til å vere kjappe med å sikra seg plass. Bønder er spesielt velkomne, seier Strassegger.
Sjå Jorddøgn si nettside for billettar og annan informasjon.