
Ein god kontakt: Mange menneske som på ulike vis slit opplever glede og ro i arbeidet med gardsdyr. Illustrasjonsfoto: Istock / SimonSkafar
PODCAST:
Inn på tunet hjå deg?
Å tilby grøn omsorg gir glede, meining – og kan innebera ekstra bein å stå på for garden, om du torer.
Med eldrebølgja og fleire unge som slit aukar behovet for omsorgstilbod. På gardane har det lenge vore praksis å ta inn folk som ikkje finn seg til rette andre stader. I seinare tid har dette blitt heitande «grøn omsorg». For den som slit kan det vera mykje helse og meistringskjensle i fysisk arbeid og kontakt med dyr. For bonden kan det å ta inn menneske på garden gi glede og meining, så vel som litt arbeidsavlasting – og inntekt.
I vekas nye podcast-episode tar Bonderådet vårt føre seg to ordningar for grøn omsorg: Inn på tunet og No Limitations.
Me snakkar med Marit Salte, som saman med mannen Arthur driv med mjølk, ammekyr, svin, ein maskinstasjon – og demenstilbod via Inn på tunet, på garden i Klepp på Jæren.
Salte arbeider også i samvirket Inn på tunet. Ho deler gode råd om korleis ein går fram dersom ein vurderer å setja i gang eit tilbod på eigen gard for eldre eller yngre. Salte understrekar at eit omsorgstilbod ikkje skal vera eit dugnadsarbeid for bøndene, og at Inn på tunet bidreg med å setja rett pris på tenestane overfor kommunane, som kjøper det.
Me møter også Grete Storm Johansen som etablerte No Limitations, eit gardstilbod for menneske som slit med mellom anna rus. Gjennom henne får du innsikt i kor mykje fysisk arbeid og kontakt med dyr kan bety for å betra liva til folk med alvorlege utfordringar.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.