HØYR!
– Ikkje rør grunnkvotane!
Jarle Skei er svært skeptisk til bønder og andre som tek til orde for å redusere grunnkvotane som eit tiltak for å redusere mjølkevolumet.
Liv Kristin Sola
– Det er skremmande. Har dei ikkje respekt for andre sine verdiar, spør Skei.
Mjølkebonden i Sandnes i Rogaland, minner om at kvotekjøp blir aktivert i rekneskapen på lik linje med jord, utan samanlikning elles. Kvoten blir ein del av eigedomen, utan høve til avskriving.
– Reduserer me grunnkvotane blir konsekvensen at dei som har kjøpt kvote, både i år og tidlegare, ikkje får fullt eigarskap til kvoten, medan seljar har fått full betaling for ein rett kjøparen aldri får nytta. Igjen blir det dei som skal ut av næringa som vinn, medan aktive bønder betaler stadig meir for retten til å produsere mat, seier Skei.
– Heldigvis opnar ikkje regelverket per i dag for slike løysingar. Å inndra andre sine verdiar, høyrer heime i heilt andre regime enn vårt. Reduserer dei grunnkvotane, får me dei aldri att, åtvarar bonden.
Skei minner om at det er eit grunnleggjande prinsipp at bonden sjølv eig ressursgrunnlaget for drifta.
– Mjølkekvoten var aldri meint som ein delvis offentleg og privat pensjonsforsikring til evig tid, seier Skei.
Han meiner at ein reduksjon i mjølkevolum på kort sikt må gjerast gjennom redusert forholdstal, eventuelt i kombinasjon med utkjøp.
– Dette skreiv Bondelaget, Småbrukarlaget og staten under på i samband med jordbruksoppgjeret i vår.
– Fryktar du ikkje ei skyhøg omsetningsavgift?
– Er det slik at utkjøp skal finansierast med omsetningsavgift, må staten ta ansvar og tilføre midlar, som kan betalast tilbake over lang tid. Omsetningsavgifta må ikkje ta knekken på lønsemda. Husk at det vil bli frigjort 80 millionar kroner årleg i frå PU-ordninga når Jarlsbergosten vert fasa ut. Pengar som kan nyttast til oppkjøp og til å få marknaden i balanse, som igjen kan redusere omsetningsavgifta, seier mjølkebonden.
Meir sal av norsk mjølk
Skei etterlyser eit sterkare importvern og meir innovasjon, både frå Tine og Q-meieriene.
– Kor vart det av lovnadane om å finne alternativ bruk av Jarlsberg-kvoten, og auke sal av norsk mjølk her heime? Styresmaktene må ta ansvar i lag med Tine og Q-meieriene, og legge til rette for innovasjon.
– Me kan ikkje vere så defensive som enkelte bønder – òg våre varemottakarar, har vist i seinare tid. Det blir sjølvforsterkande, seier bonden.
– Eg fryktar me i løpet av tre år vil sjå Tine sin irske Jarlsbergost i butikkhyllene, i konkurranse med den norske.
Etter snart førti år i næringa har Skei røynt seg både med opp- og nedturar. Han minner om 2024 og 2034. Når båsfjøsa vert fasa ut vil det gjere noko med volumet.
– Dette vil ordne seg – på sikt, men akkurat no er det mykje frustrasjon blant mjølkebøndene, seier Skei.