
Klepp og Time: Asgeir Håland t.v. har levert oksen 12344 NR Haaland-P og Torbjørn Garborg har levert elitekvige. Timpelen ku, ved Lars Byberg Timpelen og Inga Skretting Timpelen, fekk utmerking for oksen 12385 NR Timpelen og for tre elitekviger. I tillegg til 100-tonnaren Godrei.
Historisk mange utmerkingar
Aldri før har det vore tildelt så mange diplomar for eliteoksar og -kviger frå Jæren, og ikkje minst ein 100-tonnar.
Liv Kristin Sola
På det første opne avlsmøte på Særheim etter nyttår, er det alltid litt spenning knytt til kor mange som vil få utmerking for levert eliteokse, og elitekvige til Geno. Og i år var det ekstra mange som fekk diplom og blomst.
På topp av gode prestasjonar ligg 100-tonnaren. Å få fram ei ku som mjølker 100 tonn EKM er meir enn flaks. Timpelen Ku, ved Inga Skretting Timpelen og Lars Byberg Timpelen, har hatt åtte 100-tonnarar dei siste åra. Siste ut er Godrei P, den yngste som passerte denne milepålen i fjor.
Godrei er fødd i september 2015, er i sin sjuande laktasjon. Ho har eit celletal rundt 50 tusen, og skal kalve igjen i september. Far er 11039 Skjelvan og morfar er 10565 Garvik.
Les og saken «På leit etter den beste oksen«.

Gjesdal: Njål Helland, t.v. fekk diplom for oksen 12339 NR Broen-P og Vidar Nedrebø fekk diplom for å ha levert elitekvige.

Sola og Sandnes: Magne Helleland fekk diplom for å ha levert elitekvige, og Gerd Svendsen fekk for oksen 12343 NR Stokka.

Hå: Tommy Skretting t.v. har levert to kviger, Ole Magnar Undheim ei kvige, og Emil Herredsvela to kviger.