Dagfinn og Stephanie Birkeland bytte ut hus med gard og utvikla familiebruk med rideskule og andre husdyr.
– Vi treftest på hesteryggen i Rocky mountain, fortel Stephanie og Dagfinn Birkeland som bur i Sauda. Dagfinn arbeidde som tømrar i USA. Stephanie vaks opp på eit småbruk i Colorado der det var sau, geit og langt på veg sjølvberging. Ho blei tidleg fortruleg med hest. Med eit lengselsfullt blikk drøymer Stephanie seg attende til villmarka i Colorado der ho tilbrakte mange år på hesteryggen, i arbeid for turistnæringa.
– Eg elska livet med hestane og kunne ri åleine i dagevis, fortel ho.
Driv rideskule i Sauda
– Det handlar om å forene ryttar og hest og å forstå dyra sitt språk. Vi skal utvikla oss sjølve saman med hesten. Dette er ingen konkurranseriding. Resultat er ein glad, vaken, livleg sunn og frisk hest, beskriv Stephanie. Dei finn inspirasjon frå hestehaldet på 1700 talet.
– Eg har12 hestar i rideskulen og her set vi ut ideane i praksis, fortel Stephanie. Deltakarane er unge jenter, mødrer og bestemødrer. Stephanie gler seg over korleis studentane, som ho seier, utviklar seg i samspelet med hesten.
Les meir i Bondevennen nr 3 om livet på garden Mosbakken. Her driv Stephanie og Dagfinn med sau, gris og hest, og har i tillegg bygd kraftverk.
Stikkord denne saka: Hest