Prisa for pågangsmot: Stina  og Øystein Fosen, her med eine barnet, Ida, får årets heiderspris for landbruket i Rogaland. Prisen vart delt ut av landbruksdirektør Monica Dahlmo.

Prisa for pågangsmot: Stina og Øystein Fosen, her med eine barnet, Ida, får årets heiderspris for landbruket i Rogaland. Prisen vart delt ut av landbruksdirektør Monica Dahlmo.

Heidra for stølsdrift

17. mars 2025 | Aktuelt

Årets heiderspris for landbruket i Rogaland går til Stina og Øystein Fosen frå Vindafjord.

Bothild Å. Nordsletten

​– Så mange gode bønder som det er i Rogaland, så er dette stort. Det er stas å bli sett pris på. Eg skal dela dette med heile familien. Tusen takk!

Vindafjordbonden Stina Fosen tok imot årets heiderspris for landbruket i Rogaland saman med ektefellen Øystein og ein av to ungar, Ida, under Landbrukskonferansen i Rogaland.

Stina og Øystein driv 150 mål i Vikedal og har 160 sau, 80 geiter og nokre ammekyr. Stina er utdanna ullklassifisør. Ho har jobba på Nortura i Sandeid, men er heiltidsbonde nå. Øystein er snikkar og jobbar mykje utanom garden i vintermånadane.

Av produksjonen deira på 27 tonn geitemjølk går 150 000 liter til Tine – resten ystar dei sjølve.

Kvar sommar sender dei heile buskapen sendt til seters. Litlastølen ligg ved RV520, ein nasjonal turistveg mellom Sauda og Røldal.

Her kokar dei brunost som blir selt i eigen stølsbutikk.

 Nesten avvikla

Under prisutdelinga fortel landbruksdirektør hjå statsforvaltaren, Monica Dahlmo, at ho ein gong forsøkte å få fjerna det regionale miljøtilskotet som familien Fosen får for stølsdrifta.

Det var jo ingen som søkte i Rogaland, seier Dahlmo.

Men ikkje før hadde ho fått grønt lys for avvikling frå Landbruksdirektoratet – før ei Stina Fosen ringte og spurte om det var bidrag å få til stølsdrift? Jau, det var det visst, likevel.

Og nå er Stina og Øystein dei einaste i Rogaland som mottar dette tilskotet for aktiv stølsdrift. Dahlmo rosar dei to for ungdommeleg pågangsmot.

Om heidersprisen

Rogaland landbruksselskap deler årleg ut ein heiderspris. Denne skal gå til ein eller fleire med yrket sitt i landbruket, fortrinnsvis aktive bønder som har gjort ein positiv innsats ut over det ein normalt kan forvente.

Les og artikkelen frå 2021:

Endeleg geitebonde

Stina Fosen har alltid drøymt om å mjølke geit. No kokar ho brunost på eigen støl.
I dag leverer dei 50.000 liter mjølk til Tine i året, og ystar av 5000-7000 liter på stølen.