Meir frukt og bær: Me skal ete meir frukt og bær, men er marknaden for norske produksjon så eventyrleg som det vert snakka om i konkurranse med import?
– Utan meir kontroll kan satsinga på frukt og grønt bli noko heilt anna enn eventyrleg, spesielt for Vestlandet, seier Stein Harald Hjeltnes, dagleg leiar i Njøs Næringsutvikling.
Liv Kristin Sola
– Eg er ikkje så sikker på at politikarane heilt har forstått korleis marknaden for frukt og grønt fungerer. Me må ikkje gløyme at norske produsentar skal selje varene sine gjennom eit grossistsystem som har eit enormt tilfang av import å velje blant, seier Hjeltnes.
Produksjon av frukt og bær er fordelt mellom 1/3 eple, 1/3 jordbær og 1/3 andre sortar frukt og bær. I løpet av ein kort sesong konkurrerer norske produsentar om berre 20 prosent av det totale volumet av frukt og bær, som i følgje Hjeltnes, er dominert av banan, sitrusfrukt og
druer.
– Auka volum i ein gitt marknad fungerer dårleg om ein ikkje samstundes sikrar omsetning gjennom produktutvikling og marknadstilgang, seier Hjeltnes.
Les også: Også frukt og bær på kornjord
Stor auke av eple
Fram til 2014 var produksjon av eple fordelt nokså likt mellom aust og vest. Import av plantemateriale, auka etterspurnad og moderne dyrkingssystem har gitt ein stor produksjonsauke i aust, meiner Hjeltnes.
– Eplehagane har auka med over 300 dekar både i Vestfold og Telemark dei siste fem åra. I Rogaland er auken på 175 dekar, medan utviklinga elles på Vestlandet står stilt, seier Hjeltnes.
Han ser føre seg at volumet av eple når 20.000 tonn innan to år, som er nær ei dobling på 10 år.
– Kor alt dette skal seljast er eg usikker på. Eg trur me får dette rett i fleisen om nokre år, dersom me ikkje finn alternativ bruk, utvidar sesongen, eller finn andre marknader for noko av produkta.
Stor nyetablering av eplehagar i aust.
For mykje bringebær
Bringebær har allereie nådd eit mettingspunkt. Store nye plantefelt og auka sal utanom avtale med grossist gjer produksjonen uføreseieleg. Her meiner Hjeltnes å sjå ein kulturskilnad mellom vest og aust.
– Produsentar i vest har tradisjon for å sikre leveringsavtale før dei plantar. Lojaliteten ser ikkje ut til å vere like sterk i aust.
– Men dei får sal?
– Nettopp. Storevolum gjer dei attraktive hjå grossistane. Dei små tapar, seier Hjeltnes.
Saknar marknadsordninga
Gartnarhallen og Coopsystemet har sine produsentavtalar. I tillegg er det mange små produsentar og grossistar som tilbyr sine varer på torget. Utan marknadsordning er det fritt fram å etablere seg.
– Tankane går hundre år attende i tid, til då samvirka hadde si blomstringstid.
– Nettopp. Næringa treng sterkare produsentsamarbeid som kan styre produksjonen og sikre lønsemd og moglegheiter for alle, seier Hjeltnes.
Han er spesielt uroa for Vestlandet som skal konkurrere med meir effektive produksjonsareal i aust. Store areal gir stordriftsfordelar, moderne teknologi aukar arealeffektiviteten. Dette reduserer produksjonskostnadane per kg.
– Kva kan gjerast for å styrke Vestlandet sin posisjon?
– Sikre lønsemd for mindre produsentar – og betre økonomien til kornprodusentane, er blant Hjeltnes sine forslag.
– Økonomien ser ikkje ut til å vere betre enn at kornbøndene er freista å prøve andre produksjonar. Når dei får signal om store moglegheiter for vekst i fruktog grønsektoren, er det ikkje til å undrast over at dei vil prøve seg, seier Hjeltnes.
Stikkord denne saka: Auka matproduksjon, Frukt og grønt, Landbrukspolitikk