Praktisk læring: Ingenting er betre enn utandørs klasserom og å få undervisning direkte frå fagfolka på Særheim. F.v.: Fride Lima, Sofie Johannesen,     Markus Tengs Vårdal,<br />
Ingrid Aurora Gjerde Rosseland, lærar Torill Østraat, Sigmund Garnes og Roger Nenseth (utstillarar) Cassandra Riskjell, Ronja Helene Breitenfeld.

Praktisk læring: Ingenting er betre enn utandørs klasserom og å få undervisning direkte frå fagfolka på Særheim. F.h rundt ringen.: Fride Lima, Sofie Johannesen, Markus Tengs Vårdal, Ingrid Aurora Gjerde Rosseland, lærar Torill Østraat, Sigmund Garnes og Roger Nenseth (utstillarar) Cassandra Riskjell, Ronja Helene Breitenfeld. Alle går vg 1 naturbruk, halvparten med hest og halvparten på landbruk. Men ingen av dei vaks opp på gard. 

Grovfôr og grill på Særheim

26. juni 2024 | Aktuelt

Samspel mellom tradisjonell plantekunnskap og moderne teknologi prega dagen då NLR og Nibio inviterte til grovfôrdagen på Særheim.

Liv Kristin Sola

Medan traktorar og grasvogner køyrer i skytteltrafikk på dei jærske bygdevegane, møtte rundt 80 bønder, forskarar, rådgivarar og naturbrukselevar til grovfôrdag på Særheim.

– Dette har blitt ein viktig møteplass kor bonde, rådgivar og forskar kan snakkast heilt uformelt, og bøndene får eit innblikk i kva me driv på med, seier driftsleiar Tommy Høines hjå Nibio.

Tema for grovfôr­dagen:

  • Jordpakking – demonstrasjon av dekktrykkregulering
  • Demonstrasjon av rotsystemet hjå ulike vekstar
  • Presisjonsjordbruk- forsøk med N-gjødsling tilpassa til plantedekket
  • Kløver og luserne – meir protein i graset
  • HMS – Innføring om gjødselgassmålarar og gassmasker
  • Maskinutstilling
Tommy Høines

Tommy Høines, Nibio

Gjødsling etter digital vurdering

For forskarane på Nibio er det eit fint høve til å presentere litt av det dei jobbar med. Blant anna presisjonsgjødsling.

– Med bruk av drone får me tilbakemelding om korleis plantedekket er, kor mykje innhald av klorofyll det er i plantene og ein mal for korleis me kan utarbeide eit gjødselkart for å dekke gjødselbehovet. Dette er framtida, og me her på Særheim vil gjerne ligge i front, seier Tommy Høines

Felles markvandring

Grovfôrdagen har blitt ei erstatning for dei mange markvandringane i gras som tidlegare vart arrangert rundt om på Jæren.

– Interessa for desse markvandringane var ikkje så stort, så me bestemde oss for å invitere bøndene til Særheim og lage eit litt større opplegg med dagsaktuelle tema, seier Ståle Undheim, stasjonssjef hjå Nibio Særheim.

Han er nøgd med dagen, og ikkje minst at elevane frå Øksnevad tok ein tur innom.

Lærerik dag: Ronja Helene og Cassandra har lært om gras, kløver og om HMS og farlege gassar

Lært masse om gras

Elevane frå Øksnevad var med på alle stasjonane. Dei fortel om ein interessant og annleis skuledag, og om ny kunnskap.

– Me har fått vite litt om dei ulike sortane av gras og løvetann. På gras var det kløver og timotei, seier Cassandra.

– Og raigras og strandsvingel, skyt Ronja Helene inn.

Dei har høyrt om fleire av desse sortane før, men strandsvingel var nytt.

– Me lærte om rotsystemet, og om kva dei ulike sortane kan brukast til. Timotei til dømes, er ein god sort som kan brukast blant anna til fôr til kyr og høy til hest, seier Cassandra.

– Og så snakka dei om kveke, eit ugras som dei helst prøver å få vekk. Den spreier seg i rotsystemet og er vanskeleg å få vekk, seier Ronja Helene.

Elevane har òg fått med seg at kløver er ein viktig plante i enga.

– Så langt eg hugsar, kan den binde nitrogen frå lufta og lagre det i røtene, og gi nitrogen til jorda slik at bonden kan gjødsle mindre, seier Ronja Helene.

– Men den må blandast med anna gras når du skal fôre kyrne. Elles kan dyra få litt problem med magane, seier Cassandra.

På posten for HMS fekk dei sjå og prøve masker som dei bruker i grisehuset for å unngå støv i lungene.

– Og me har lært litt om dei farlege gassane, som me ikkje kan sjå, men som me må beskytte oss mot, seier Ronja Helene.

«Det er skikkeleg kjekt å vere ute og lære nye ting som eg aldri har visst om.»

Cassandra Riskjell

Betre karakterar

Verken Cassandra frå Klepp, eller Ronja Helene frå Gausel, hadde kjennskap til landbruk før dei begynte på Øksnevad. Mykje praksis var viktig for at dei valde nettopp den skulen. Begge går vg1 naturbruk med landbruk og har hatt litt praksis i fjøset. På skulen har dei hatt praksis både i kufjøset og i grisehuset.

– Det aller kjekkaste er hjå kyrne. Og når dei får kalv er det så spennande. Å få med seg fødslene og sjå korleis det fungerer, seier Cassandra.

Ho forklarer kva ho må passe på når det er ei ku som kalvar, om at begge framføtene må ligge rett og at alt ser bra ut. Og så gi masse råmjølk.

– Kvifor valde de landbruk?

– Mest for å få ein new experience, seier Cassandra. – Eg hadde lyst til å lere meir om kyr og sauer, for eg har egentlig lyst til å jobbe med dyr. Bli dyrepleiar.

Ronja Helene nikkar. Ho hadde dei same tankane. I tillegg var ho litt lei skulen og alle dei teoretiske faga.

– Eg ville ha meir praksis. Vere meir ute. ikkje vere innestengd i klasserommet med teori heile dagen, seier ho.

Cassandra var og lei teorifag, noko som viste att på karakterane. Etter at ho begynte på Øksnevad har ho betra snittet

– Eg klarer ikkje sitte stille i klasserommet ein heile dagen. Eg treng å gjere ting. Når eg begynte på Øksnevad blei alt annleis. Eg fekk betre karakterer, og er veldig nøgd med skulen. Det er skikkeleg kjekt å vere ute og lære nye ting, som eg aldri har visst om. Eg har fått heilt nye perspektiv om korleis ting heng samaen, og om kor maten kjem frå, seier Cassandra.

– Me har lært litt om produksjonen i landbruket og besøkt bedrifter som Tine, blant anna. Så me begynner å forstå meir av heile produksjonen og samanhengane, seier Ronja Helen, som gjerne vil bli dyrepassar når ho ein gong skal ut i arbeidslivet. Eller aller helst drive eit småbruk.

Møteplass mellom forsking, praksis og rådgiving: Grovfôrdagen har blitt ein møteplass kor teori og forsking møter praktisk jordbruk. Atle Lende og Målfrid Grødem Njærheim frå NLR.

Automatisk regulering av dekktrykk:Frå traktorsetet kan føraren justere trykket opp eller ned alt etter behov, om det er asfalt eller levande jord som er underlaget.

Gras, maskinar og HMS

Tema for grovfôrdagen varierer for kvart år, alt etter kva dei har å vise av forsøk.

– Me prøver å vere aktuelle, men òg få til ein raud tråd gjennom presentasjonane. I år blei det jord, dekktrykk og jordpakking, og rotsystem, seier Målfrid Grødem Njærheim, rådgivar hjå NLR.

– Skal me ta vare på jorda og få gode avlingar, er dekktrykk og jordpakking alltid ei utfordring, seier Atle Lende, som er rådgivar presisjon og maskinteknikk.

Maskinleverandørar har stilt ut traktor og hengar med teknologi som gjer det enkelt å justere dekktrykket opp og ned etter om du køyrer på asfalt eller på jorda. Prislappen gjer at det er spesielt entreprenørane som har teke dette utstyret i bruk. På ei vogn med kalk kan sjåføren ta ned trykket før han køyrer ut på jorda, og så gradvis auke trykket i takt med at vogna blir tømt. Og så har dekka fullt trykk når dei skal ut på vegen att. 

– Med rett lufttrykk blir det mindre rullemotstand, mindre dekkslitasje og mindre drivstofforbruk, seier Lende. 

Forsøk har òg vist at avlingstapet årsaka av jordpakking, er mellom fem og femten prosent. Både gras og korn er utsett. 

– Me prøver å gjere bønder merksame på kva som er mogleg, berre ved å vere bevisst på korleis dei køyrer når dei må ut på jorda. Ved tilfeldig køyring under ein slått, viser seg at over 60 prosent av jorda blir køyrd på. Ved å systematisere, kan du redusere dette til 15-20 prosent, seier Lende, og minner om at det vil auke avlinga både i gras og korn. 

Grilling på rundgang: Dei tre slakteria i regionen griller kvart sitt år. I år er det Fatland som fyrer grillen, med Siv Undem i front. 

Teknologi og presisjon: Gjødsling basert på plantedekke observert med drone. Drona gjer ei overflyging o rapporterer tilbake om gjødslingsbehov. Foto Ståle Undheim, Nibio.

Meir protein i grovfôret

Innkjøpt protein har ein høg pris. Men ved å auke proteinmengda i grovfôret kan du erstatte noko av det innkjøpte proteinet med eigenprodusert. Meir kløver er ein moglegheit. Luserne ein annan. Ikkje så vanleg å dyrke her i området enda, men rådgivar Målfrid Njærheim håper fleire får auga opp for denne proteinveksten.

– Eg håper fleire bønder ser at dette er ein vere ein god proteinvekst som supplement til gras og kløver, seier ho. 

Rådgivaren er usikker på om det er pris på frø, dyrkingsmetode, ugrasbekjemping, eller tradisjon som kan vere årsaka til låg interesse. Lende peikar på prisnedskriving av korn som ein faktor, samanlikna med våre naboland. 

Protein i grovfôret: Ein av postane fokuserte på kløver og luserne, for å auke proteinet i eigeprodusert grovfôr. Og utvikling av røter i dei ulike grasartane. Foto: Ståle Undheim, Nibio.