Manglar arbeidsfolk: Grøntnæringa manglar arbeidsfolk. Rundt om i verda står erfarne og kompetente folk til å koma til norske åkrar og drivhus, slik dei har gjort i årevis. Men får dei koma? Illustrasjonsfoto: Istock
Med stengte landegrenser får utanlandske arbeidarar problem med å koma seg til norske veksthus og grønsaksåkrar i tide til sesongen. Det byr allereie på utfordringar.
Jane Brit Sande
Som ein konsekvens av auka smittetrykk i Norge, har myndigheitene innført strenge innreiserestriksjonar, som i praksis stenger landegrensene. Det får konsekvensar for veksthus– og grønsaksnæringa. Kvart år treng det norske landbruket 18 000 utanlandske arbeidarar til å så og hausta – og alt innimellom. No står sesongen på trappene, og arbeidarane har begynt å gjere seg klar for innsats. Men får dei koma?
– Er myndigheitene det står på
Kåre Wiig er dagleg leiar på Miljøgartneriet på Kviamarka i Hå. Han er framleis ein stor del av Wiig Gartneri, sjølv om dottera Anne S. Wiig har tatt over roret. På begge gartneria har dei eit stort behov for arbeidskraft i tida framover. Kåre Wiig har travle dagar med å sikra mannskap til begge gartneria.
– Både Norsk Gartnerforbund, Bondelaget og kjedene er med og står på for å få løyst dette. Men det er myndigheitene det står på, seier han.
– Me har godt samarbeid med Nav, og me har allereie tilsett atten arbeidsledige til diverse lettare jobbar. Men me manglar erfarne folk som kan utføra spesielle arbeidsoperasjonar, og beherska spesialmaskinar. Det er heilt umogleg for Nav å erstatta dei på kort tid, seier Wiig.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.