Liv Kristin Sola
Etter tre vellukka år med utprøving i fylka Trøndelag, Vestland, Agder og Innlandet, vart mentorordninga for landbruket i år utvida til å gjelde for heile landet.
– Tilbakemeldingane har vore svært positive og me er glad for at heile landet no får delta, seier Mette Feten i NLR, til Bondevennen.
Les om samarbeidet mellom Runar Naterstad og Elling Johan Stangeland: Tryggare start med mentor.
For alle typar produksjonar
Dei aller fleste som søker mentor er knytt til dei tradisjonelle produksjonane. Feten understrekar likevel at målet er å femne alle typar produksjonar, frå husdyr, grønsaker og veksthus, til Inn på tunet og lokal foredling av mat. Bønder som søker mentor vert oppmoda til å skrive kva dei ønsker skal vere overordna tema for samlingane.
Bonden og mentoren avtaler skriftleg fem besøk i løpet av året. Det eine besøket kan med fordel vere på garden til mentor.
Søkarar under 35 år blir prioritert, og søkar skal helst ikkje ha drive aktivt lenger enn tre-fire år. Ordninga er gratis for bonden, medan mentor får ei godtgjersle for innsatsen og dekka reisekostnadar.
– Av og til kan det vere vanskeleg å spørje ein nabo eller kollega om råd igjen og igjen. Då er det lettare med fast mentor som du veit får godtgjersle, seier Feten.
Søkaren kan gjerne namngi ønska mentor, men det er ein fordel at bonde og mentor ikkje er ein del av same omgangskrins.
– Mentor skal bidra med nye tankar og impulsar. I tillegg er det eit poeng at dei som er ferske i landbruket får ta del i nettverket til dei meir erfarne bøndene, seier Feten.