![Opplysningsarbeid: – Med eit nytt gjødselregelverk i kjømda er det viktig med kunnskap for å vita kva me tar ut av næringsstoff og kva me tilfører, seier leiar i Jæren Young Cowboys Eirik Åsland Refve. Foto: Thea Hjertuslot Opplysningsarbeid: – Med eit nytt gjødselregelverk i kjømda er det viktig med kunnskap for å vita kva me tar ut av næringsstoff og kva me tilfører, seier leiar i Jæren Young Cowboys Eirik Åsland Refve. Foto: Thea Hjertuslot](https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2025/01/IMG_8956.jpg)
Opplysningsarbeid: – Med eit nytt gjødselregelverk i kjømda er det viktig med kunnskap for å vita kva me tar ut av næringsstoff og kva me tilfører, seier leiar i Jæren Young Cowboys Eirik Åsland Refve. Foto: Thea Hjertuslot
– Gjødsling er utfordrande i starten, uansett
Jæren Young Cowboys inviterer til open fagkveld om gjødselplanlegging på Øksnevad.
– Sjølv dei som trur dei har peiling, veit ofte ikkje heilt kva dei snakkar om, seier Åsland Refve.
Bothild Å. Nordsletten
Medan snøen ennå kjem og går – då er tida inne for å planlegga årets gjødsling.
Jæren Young Cowboys er på saka og inviterer alle, ikkje minst ungdom og bønder, til gratis fagkveld om tema på Øksnevad skule onsdag 22.januar.
– Alle snakkar om gjødsling. Det går aldri av moten, seier leiar i Young Cowboys Eirik Åsland Refve.
– Og med eit nytt regelverk i kjømda er det viktig med kunnskap for å vita kva me tar ut av næringsstoff og kva me tilfører.
Den unge bonden veit at mange tykkjer gjødsling er komplisert.
«Alle snakkar om gjødsling.
Det går aldri av moten.»
Eirik Åsland Refve, leiar i Young Cowboys
![Eirik Åsland Refve Eirik Åsland Refve](https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2025/01/Eirik-Asland-Refve.jpg)
Eirik Åsland Refve
– For den utan tilknyting til jordbruket er det klart dette inneber mykje fag og faguttrykk. Ofte blir det også tatt litt for gitt at ein berre kan det. Men om du er frå gard eller ikkje – gjødsling er utfordrande i starten, uansett. Sjølv dei som trur dei har peiling, veit ofte ikkje heilt kva dei snakkar om, seier Åsland Refve.
Arrangementa til Jæren Young Cowboys er vanlegvis til for dei mellom 15-35 år, men for denne kvelden blir det gjort eit unnatak.
– Er du eldre enn dette og kjenner at du treng påfyll, så hiv deg på, seier Åsland Refve.
Frå teori til praksis
Med seg har dei unge cowboyane fått NLR-rådgjevar Odd Ingebret Paulsen. Han har sitt daglege virke på Særheim og har mellom anna gjødselplanlegging som spesial. Denne kvelden legg han vekt på å forklara fenomenet på ein måte som skal vera lett å forstå.
– Det er gjengs, anten du er ung eller vaksen bonde: Me i NLR får masse spørsmål om gjødselplanlegging heile tida, sjølv frå erfarne bønder, seier Paulsen.
Poenget med slike planar, seier rådgivaren, er å tilpassa gjødslinga etter avling og fôrbehovet. I tillegg til gjødsling handlar det om å produsera det rette fôret tilpassa ditt fjøs, anten du driv med mjølke- eller ammekyr.
![Odd Ingebret Paulsen Odd Ingebret Paulsen](https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2025/01/DSC_0227.jpg)
Odd Ingebret Paulsen
«Me i NLR får masse spørsmål om gjødselplanlegging heile tida,
sjølv frå erfarne bønder.»
Odd Ingebret Paulsen, NLR-rådgivar
– Gjødselplanar kan opplevast veldig teoretiske. Eg skal prøva å gjera det så forståeleg som råd ved å visa til samanhengen mellom teori, gjeldande regelverk – og praksis. For visst finst det formelle krav for slike planar, men dei skal også fungera for bonden i kvardagen.
Fagkvelden 22. januar på Øksnevad skule startar kl. 19.30. Inga påmelding. Det blir servert brus og pizza.
Høyr meir! Gjødselplanlegging er også tema i den ferskaste episoden av Bondevennens podcast, som ligg klar førstkomande fredag (24.01.25) der du vanlegvis lyttar til podcast
![Svoltne på læring: Jæren Young Cowboys har eit rikhaldig fagleg og sosialt program på gang for det nye året. Her frå ei tidlegare fagsamling. Foto: Jæren Young Cowboys Svoltne på læring: Jæren Young Cowboys har eit rikhaldig fagleg og sosialt program på gang for det nye året. Her frå ei tidlegare fagsamling. Foto: Jæren Young Cowboys](https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2025/01/IMG_20240222_200919.jpg)
Svoltne på læring: Jæren Young Cowboys har eit rikhaldig fagleg og sosialt program på gang for det nye året. Her frå ei tidlegare fagsamling. Foto: Jæren Young Cowboys