Det Norske landslaget: Frå venstre bak: Arvid Årdal, Sander Hindenes, gullvinnar Karin Mattsson, Andreas Eklund og Jo Agnar Hansen. Frå venstre framme, Norges Young Handlere: Anna Eilertsen og Benjamin Birkeland. Foto: Karianne Kjelstrup
Gjetarhund EM: Gull til Norge
Karin Mattson med gjetarhunden Kemi Jet toppa den norske innsatsen og vart europameister i bruk av gjetarhund.
Sjur Håland
Mattson er fødd i Sverige, men flytte til Norge og Alvdal i 2006, kor ho driv med sauer og gjetarhundar saman med sambuar Jo Agnar Hansen.
Europameisterskapen gjekk av stabelen i Steinmark i Austerrike, i månadsskiftet august september. Vêrtilhøva under konkurransen var krevjande nok. Folk og hundar, til saman 110 ekvipasjar frå 18 land, måtte i lag med sauene førehalda seg til skifte mellom steikjande sol og 35 varmegrader og hagl, lyn og torebøyer. Vêret hindra likevel ikkje dei norske deltakarane. Etter tre dagar med innleiande rundar, kom fire av åtte norske seg vidare til finalen. I tillegg til Mattson, som vann, enda fjorårets noregsmeister Arvid Årdal på ellevte plass med hunden Ylva. Jo Agnar Hansen enda på 18. plass med hundane Akersborg Kniva og Wisp.
I tillegg til å henta heim det individuelle gullet, sikra Norge sølvet i lagkonkurransen. Her var det Spania som vann, medan Polen hamna på bronseplass.
Om gjetarhundkonkurransane
Målet med gjetarhundprøven er å teste hund og førar si evne til å handtere sau under ulike situasjonar som ein ofte møter på i dagleg drift som bonde. Dette inneber å hente sau til førar, drive dei frå punkt A til B, samle dei inn i eit kve, dele frå nokre sauer og single ut ein sau. Alt dette skal utførast innan ei viss tidsramme som er sett på førehand. Målet er å finna det beste avlsmaterialet for gjetarhundane.
Kjelde: Norsk Sau og Geit
Top 5 i finalen og de norske sin plassering i finalen:
1. Karin Mattsson – Kemi Jet (Norge)
2. Tomasz Nowakowski – Lass (Polen)
3. Hendrik Kienker – Dell (Tyskland)
4. Barbara Weinrauch – Nap (Østerrike)
5. Oscar Murguia – Murguia Ketzal (Spania)
11. Arvid Årdal – Djerv’s Ylva (Norge)
18. Jo Agnar Hansen – Akersborg Kniva
18. Jo Agnar Hansen – Wisp
Karin og Kemi Jet under den innledende runden, som de vant! Fotograf: Karianne Kjelstrup