BN+

Bær(e)vegg: Åge Jørgensen trur han kan plukka rips til uti oktober. – Di lengre dei heng, di betre smak og sødme får dei, seier han.


Næringsutviklar Åge Jørgensen i NIBIO lagar delikatesser av rips, solbær og stikkelsbær.


Bothild Å. Nordsletten


Åge Jørgensen dreg opp porten til veksthuset på NIBIO Særheim og ein vegg av raude, modne og søtsyrlege bær kjem til syne. Ute er jær-himmelen grå og septemberregnet kaldt, men med smaken av svære ripsbær på tunga, går tankane med eitt til varme sommardagar. Jørgensen peiker på ei rad med seks 2,5 meter høge, oppstamma ripsbuskar i hekk, som nettopp er ferdighausta:


– Her plukka eg vi 40 kg, nær åtte kg per busk og 4,5 kg per m2 , seier han og smiler i skjegget.

Delikatesse-bær

Jørgensen og NIBIO Særheim, er saman med NIBIO Apelsvoll, Sagaplant AS, NLR Viken, NLR Innlandet, BAMA, Gartnerhallen og 13 bærprodusentar med i prosjektet OPTIribes. Ribes er namnet på ripsslekta der solbær, stikkelsbær og rips inngår. Målet med prosjektet som starta i fjor og som varer til 2022, er å få fram betre sortar og dyrkingsmetodar for desse bærslaga, både med tanke på friskkonsum og til industri (saft og syltetøy). Bak dei mange «veggane» som står tunge av ripsklasar frå august til oktober, står rader av solbær – og stikkelsbær- langskot. Dei gav frukt i juni og juli.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,