Ingen satsar på gamle rasar av rein tilfeldigheit.
Liv Kristin Sola
Det møtte så mange interesserte til seminar om norske landrasar, at arrangørane Norsk Bufe, måtte ty til lotteri for å dekka inn litt av det dei hadde subsidiert opphaldet med.
– Me hadde kalkulert med 40, men gler oss over at det møtte 60 deltakarar. Kjekt at mange unge og nye søker seg til miljøet rundt dei gamle kurasane, seier ei svært nøgd Hilde Riis, til Bondevennen.
Riis er leiar av organisasjonen Norsk Bufe som har som mål å bevara dei gamle norske husdyrrasane. Riis trur at god marknadsføring, eit fagleg interessant program og plasseringa på Thorbjørnrud Hotel
på Jevnaker, var avgjerande for at så mange var samla til fagleg og sosialt samvær første helga i mars.
Rette vegen
– Etter nokre litt tunge år, er det fint å merka auka interesse for dei gamle rasane, både blant produsentar og i samfunnet elles, seier Riis.
Ho rosar raselaga som har hatt prosjekt for å auka interessa for dei stadeigne rasane. Auka interesse gir auka etterspurnad etter livdyr, og enkelte raselag har ventelister for å skaffe livdyr til bønder som er interessert.
Anna Rehnberg frå Norsk Genressurssenter, hadde med seg ferske tal for utviklinga av dei norske rasane (sjå figur). Rehnberg peika på utfordringa med å halda på identiteten som mjølkerase og rekruttera nye eigarar, for å auka populasjonen og oppnå ein størst mogleg genetisk variasjon.
– Den viktigaste oppgåva blir å behalda den genetiske variasjonen i populasjonen, for å unngå innavlsproblem, sa Rehnberg.
For lite kunnskap
Ei av Norsk Bufe sine viktigaste oppgåver framover, blir å bidra til at det tradisjonelle rådgivingsapparatet innafor kjøt og mjølk, aukar kunnskapen om dei norske rasane.
– At folk startar med landrasar i dag, er meir på trass av rådgiving enn på grunn av, kommenterer Riis.
Under ordskifte kom det fram ein del frustrasjon over mangel på kunnskap om dei gamle rasane, blant fagfolk og rådgjevarar i organisasjonane. Mange opplever at dei vert råda frå å satsa på dei tradisjonelle rasane.
Auka inntening
– Mange av produsentane foredlar mjølka på eigen gard, eller tek attende kjøt frå slakteriet eller lokal slaktar, for å få ein meirverdi ut av produksjonen, seier Riis.
Slik oppnår produsentane betre økonomi i drifta, men like viktig er vissa om at kjøtet og mjølka ikkje berre forsvinn i mengda, men blir verdsett for dei spesielle eigenskapane som produkta har. I tillegg er også historia ei viktig del av matopplevinga.
– Me veit at kvaliteten, både på kjøt og mjølk, har spesielle eigenskapar som skil dei gamle rasane frå dei meir kommersielle. Det må me få tydelegare fram. Me må også løfta fram dei gode eksempla på bønder som oppnår gode resultat med stadeigne rasar, seier Riis.
Guldkolla
Gjennom Gunhild Drangstorp, frå Østfold, fekk arrangørane nettopp eit slikt eksempel. Heime på garden driv Drangstorp med kjøtproduksjon på østlandsk rødkolle. Gjennom nettverket Guldkolla, har fleire lokale produsentar gått i lag for å selja kjøt frå eigne dyr, blant anna via facebook. Dyra blir slakta hjå Nortura og skore ned hjå ein slaktar i Ås. Bøndene sel kvartpartar av dyra, til fast kilopris.
Urfe – kjøt frå norske landrasar
Ola Hammer Langleite produserer mjølk og kjøt på rasen sidet trønder og nordlandsfe, på Snåsa, i Nord- Trøndelag. Oksekalvane vert kastrert og har to sesongar på beite. Kraftfôrdelen er rundt 8-10 prosent til kastratane og 20 prosent til mjølkekyrne.
– Dei gamle rasane nyttar beiteressursane svært bra, og bidrar til å halda kulturlandskapet ope. Dei nyttar fôret godt, og har god tilvekst på mindre kraftfôrmengd, seier bonden.
Treng meir slakt
Langleite er ein av dei som etter målretta arbeid over fleire år, har klart å få kjøt frå dei gamle rasane ut til norske ganar, gjennom restaurant og hotellmiljøet. Han håpar på 600-700 dyr til slakt i år, eit volum på om lag 100 tonn kjøt.
– Restaurantmarknaden er langt frå metta. Truleg må det ei dobling til før det er aktuelt å selja kjøt frå Urfe i butikk, seier Langleite, og inviterer nye interesserte til å ta kontakt.
– Om veksten held fram er det håp om at norske forbrukarar skal få Urfe i butikkane, på litt sikt, seier Langleite.
Urfe SA
Prosjektet Urfe er frå januar 2017 organisert som eit samvirke og har namnet Urfe SA.
– Nortura har teke over stafettpinnen og er ansvarlege for marknadsføring, sal og distribusjon, seier Langleite til Bondevennen.
Krav til å levera kjøt gjennom Urfe SA, er at dyra har vore minst ein sesong på beite. Produsenten er sikra ein meirpris på 3,50, noko som utgjer rundt ein tusenlapp per slakt Urfe SA er eit tilbod til bønder som først og fremst vil driva gard. Bønder som er glad i dyra og yrket sitt, men som verken har lyst, kompetanse eller motivasjon til å selje kjøt direkte til kundane.
– Vi er ulike. Det er bra, konstaterer Ola Hammer Langleite.
Genetisk verdi
Langleite viser til at dei gamle landrasane har stor genetisk verdi, ein verdi som går tapt om desse rasane vert utrydda.
– Me veit nå heilt sikkert at dei gamle rasane gir mjølk med betre ysteeigenskapar enn dei kommersielle rasane. Kasein-variantar kan vera dobbelt og tre gonger så høg i mjølka til dei gamle rasane. Eigenskapar som teoretisk sett kan overførast til NRF populasjonen om ønskeleg, forklarer han.
Tenk sjølvstendig
– Tendensen i norsk landbruk, er at mange berre fokuserer på ei løysing, å bli større. At alle tenker likt, er ei stor utfordring, seier Langleite.
Han etterlyser rådgivarar som klarer å sjå heile biletet og kan vurdera ressursane opp mot produksjonen og den totale økonomien på garden. Urfe SA jobbar no aktivt mot rådgivarar som er interesserte i gamle rasar. Målet er å få på plass ein spesialrådgivar for gamle rasar i Nortura-systemet.