Arbeid for betre dyrevelferd: Fylkesmannen i Rogaland oppmodar landbruket til å ha aktivitetar for å ta grep for betre dyrevelferd. Illustrasjonsfoto.
Fylkesmannen i Rogaland lokkar med midlar til lokallag som vil ta grep for betre dyrevelferd.
Jane Brit Sande
Prosjektet «Arbeid for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland» starta opp ved nyttår. Det er eit treårig prosjekt, der heile landbruksnæringa deltek: faglag, slakteri, meieri, veterinærstanden og Mattilsynet. Rogaland Landbruksselskap er eigar av prosjektet. No oppmodar Fylkesmannen til lokal aktivitet for å løfta arbeidet med dyrevelferda i fylket.
– Det er stor fridom knytt til korleis aktørane kan løysa dette, seier Rolf–Gunnar Husveg, rådgivar husdyr hjå Fylkesmannen i Rogaland, og leiar for prosjektet.
Bondevennen omtalte tidlegare i år initiativ gjort av Rogaland Sau og Geit og Norsvin Sør– Vest.
– Me har sett av midlar til aktivitet, som det er mogleg å søka på. Dette kan vere arrangement eller aktivitet av større eller mindre storleik, som støtter opp om dyrevelferd og –helse, seier Husveg.
Både lokallaga i faglaga, meieri og slakteri, samt rådgivingstenesta kan søke om midlar. Fylkesmannen ber om at lokallaga søker om midlar via eigne fylkeslag.
– Fanga breidda
Husveg seier at det er viktig at organisasjonane som vil arrangere aktivitet for dyrevelferd, også får med seg dei bøndene som ikkje er medlemmar.
– Dei må gjere ein innsats for å fanga breidda. Einaste «krav» for deltaking, er altså at bøndene i målgruppa er tilknytt Rogaland, seier Husveg.
Aktivitetane kan ha som mål å skapa fagleg motivasjon, eller læring knytt til helse, smittevern eller velferdsparameter.
– No vil me verkeleg koma i gang med aktivitetar, slik at me når målet om auka kompetanse på kva som er viktig for god dyrehelse og dyrevelferd i Rogaland, seier Husveg.