2021: 600 besetningar i heile landet blir tilfeldig valt ut til å vere del av den nasjonale tilsynskampanjen i 2021. Det blir ei fylkesvis fordeling etter besetningstettleik, og omfattar både smågris- og slaktegrisproduksjonen. Foto: Liv Kristin Sola
– Me skal helse dei med eit «velkommen», seier Bjørn Ståle Bekkeheien om Mattilsynet sin tilsynskampanje på gris.
Jane Brit Sande
Den varsla tilsynskampanjen på svin utgjorde sjølvsagt ein post på programmet då regionskonferansen til Norsvin Sør- Vest gjekk av stabelen førre helg. Bjørn Ståle Bekkeheien, leiar av fylkeslaget, trur det er på tide med ein nasjonal tilsynskampanje.
– Begge partar får ein sjanse til å «resette », og kan starte med blanke ark, seier han, og sikter til det konfliktfylte forholdet som har vore mellom næringa og Mattilsynet.
– For å informere bøndene om kampanjen, sender me ut informasjon på epost, nyttar sosiale media, og vil halde foredrag, så godt det lar seg gjere, i lokallaga, seier Bekkeheien.
Fylkesleiaren seier at det har vore heller lite reaksjonar på det varsla tilsynet.
– Det som har vore, har vore positivt, seier han.
Bjørn Ståle Bekkeheien
Les også: Ny tilsynskampanje på svin i 2021
600 besetningar i heile landet blir tilfeldig valt ut til å vere del av kampanjen. Det blir ei fylkesvis fordeling etter besetningstettleik.
– Næringa får eit gyllent høve til å kvitte seg med versting-stempelet ved å visa at me har tatt grep. Me har til dømes innført Helsegris, med tilhøyrande veterinærbesøk. Det har fungert og er positivt, seier Bekkeheien.
Folkeskikk
Fylkesleiaren har klare forventningar til tilsyna.
– Eg forventar at både bønder og inspektørar oppfører seg og viser normal folkeskikk, seier han.
Bekkeheien seier at Mattilsynet si rolle som kontrollorgan er naudsynt. Bøndene har regelverk som skal følgast.
– Mattilsynet må ha respekt for personane dei møter når dei kjem til gards. Dei er praktisk talt i heimen til bonden, og det må settast høgt. Bonden blir kontrollert og sett i korta. Det kan vere skremmande, seier Bekkeheien.
Samstundes minner han om at også Mattilsynet sine inspektørar er menneske.
– Me skal helse dei med eit «velkommen ». Det er me alle tente med. Møter me inspektørane med aggresjon og piggane ute, får me berre det same i retur, seier Bekkeheien.
Fokus på dyra
Bekkeheien seier at merksemda på tilsynsbesøka, må vere på dei rette tinga.
– Dette handlar jo først og fremst om dyra. Det er der fokuset må vere, seier han.
I eit fjøs er det støtt noko som skjer. Det er ikkje uvanleg at ting i fjøset ikkje fungerer som det skal, eller at dyr blir sjuke eller skada.
– Det er viktig for oss at Mattilsynet tar seg tid til å høyra kva bonden sin plan er og korleis han handterer situasjonane når dei oppstår. Det viktigaste er handling, seier Bekkeheien.
Godt forbetringsarbeid
Etter den knusande granskingsrapporten som kom om Mattilsynet i desember i fjor, har tilsynet gjort ei rekke grep for å betra eigen praksis.
– Det er veldig bra, seier Bekkeheien.
Han er særleg oppteken av kvitteringsordninga som er innført. Før inspektørane reiser frå garden, skal dei, saman med bonden, gå gjennom observasjonane som er gjort på tilsynet. Denne skal signerast, og bonden skal få eit eige eksemplar.
– Dette er veldig viktig. Bønder er gjerne litt forfjamsa etter tilsynet, og kan ha vondt for å hugsa alt som skjedde og vart sagt. Då er det svært konstruktivt at dei går gjennom punkta saman før inspektørane reiser, seier Bekkeheien.
Mattilsynet har også gåande ein kampanje der det blir sendt ei brukarundersøking til bonden på SMS etter tilsynet.
– Her har me eit godt høve til å påverka. Mattilsynet skal få beskjed om noko ikkje har gått greitt, seier Bekkeheien.