– Legg du eit bruk som Tveit brakk, om så berre i eitt år, er det slutt. Du får det ikkje opp igjen, seier Torunn og Sveinung Havrevoll.
Eirik Stople
Journalistane Anders Minge og Harald Birkevold har i tre år fått følgja bøndene Torunn og Sveinung Havrevoll på fjellgarden Tveit, i Suldal kommune. Det har blitt ei synleggjering av livet på ein fjellgard og arbeidet som følgjer med gjennom årstidene.
– Vi ville fortelja historia om korleis det er å driva eit familiebruk med tradisjonelle husdyrproduksjonar på ein fjellgard, i Suldal, i vår tid. Vi ser òg på prosjektet som ein usminka dokumentar for ettertida, fortel journalistane.
Historia er presentert med ein fotomontasje i kulturhuset på Sand. Utstillinga skal også synast fram i Stavanger og i Oslo. Primærmålgruppa for utstillinga er folk utanfor landbruket.
Landbrukspolitisk debatt
– Eit tredje aspekt ved prosjektet er å skapa politisk debatt om landbrukspolitikken og framtida til distriktsjordbruket, fortel Aftenbladjournalistane.
Med utgangspunkt i garden til Torunn og Sveinung Havrevoll, inviterte dei, i samarbeid med Suldal kommune til landbrukspolitisk debatt på kulturhuset på Sand. Bøndene i Suldal og andre interesserte fylte auditoriet.
Sagt i møtet
– Landbruket må bygge koalisjonar, slutte å kaste skit, finne nye spor og ha med seg store og små bruk.
Reidar Almås
– Dei store bruka må ta det meste av inntektene på pris, dei små på tilskott. Utslaga av 2014 avtalen gjekk i motsett retning.
Reidar Almås– Faglaga forhandla bort prioritering av korn på bekostning av gras i kornområda.
Terje Halleland– Vi dobla lammetilskotet og fekk opp produksjonen, nå legg vi om på storfe.
Terje Halleland– Vi har fått ein subsidiegalopp og gjeldsoppbygging på dei største bruka.
Geir Pollestad– Vi fekk ei lita vridning i årets avtale. Ting må takast stegvis.
Reidar Almås– Vi må søke eit politisk fleirtal for ei ny retning, beståande av Sp, Ap og KrF.
Geir Pollestad– Vi må ikkje gløyme den femte berebjelken i landbrukspolitikken, politiske verkemiddel for eit landbruk over heile landet med utjamning mellom produsentar etter storleik og landbruksdistrikt.
Reidar Almås– Strukturutviklinga vil halda fram.
Terje Halleland– Ryk grensevernet, ryk alt.
Geir Pollestad– Distriktsjordbruket ar avhengig av å stå på fleire bein.
Ola Andres Byrkjedal– For å behalde vårt Suldal, må me ha med landbruket.
Gerd Helene Bø