Frå Bondevennen til bokform
Historier frå Ville sørvesten og Putla&Koga-spaltene har blitt bokhefte!
Bothild Å. Nordsletten
«Med den farten og vinkelen fungerte guten perfekt som hyppeskjær.» Somme lesarar hugsar kanskje igjen denne passasjen frå den elleville historia som Time-bonde Kristian Vinningland fortalte i Ville sørvesten-spalta til Gudmund Edland i Bondevennen. Sagaen, som eigentleg handla om ein villfaren gris, og over 100 andre minnerike soger frå gardslivet i sørvest, er nå samla i eit bokhefte, som Bondevennen gir ut.
Spalta stod på trykk i Bondevennen frå hausten 2021 av – og fram til ho nyleg vart avslutta. Historieformidlar og Gjesdal-bonde Gudmund Edland er takksam for alle som har delt historiene sine. Han håpar at tekstane frå Ville sørvesten ikkje berre morer, men òg får historieforteljinga på glid rundt middagsborda der heime.
Historier frå Ville sørvesten får du kjøpt ved førespurnad til Bondevennen. Pris, er kr 199,- + evt. porto.
Boka er også til sals under Jorddøgn Litteraturfestival på Bryne 14.-17. november.
Ta kontakt på post@bondevennen.no eller på telefon 51 88 72 61.
…og så til bords!
Våren 2022 kom også Hå-bu, kommunepolitikar, rektor og kjøkenskrivar Svein Høyland med dampande gryter inn mellom Bondevennen sine sider. Spalta hans Putla & Koga har sidan dess putra og frest med dei herlegaste rettar, og vil halda fram med å freista og metta oss ut dette året. Tekstane hans er alt samla i eit bokhefte med same namn som spalta, utgitt av Svein Høyland sjølv.
Putla & Koga får du tak i ved å kontakta Svein Høyland direkte på sveinhoyland@gmail.com. Tlf./ Vipps: 970 99 201. Kr 200,- ved henting. Kr 250,- med posten.
Ps: Er du i beit for lune og lokalproduserte julegåver som varer, så fekk du eit par tips nå!