– Leverikter er eit aukande problem etter ein fuktig sommar og haust, erfarer Snorre Stuen ved NMBU.
Jofrid Åsland
Bønder i området kan sende inn dyr til obduksjon på forsøksgarden på Høyland i Rogaland. Det er Norges miljø og biovitenskapelige universitet (NMBU) som har sin småfeseksjon her. Stuen er tilsett som professor og seksjonsleiar.
Bondevennen skreiv i førre utgåve om veterinær Siv Meling. Ho råda bøndene til å sikre seg kontroll på snyltarane i sauebesetninga etter ein svært blaut beitesesong.
– Snyltarane har hatt svært gode forhold. Så lenge det er mildt og blaut liker til dømes leverikter og haemonchus seg godt, fortel Stuen.
Han stiller seg bak Meling sin analyse om at snyltarar er eit større problem etter årets beitesesong.
Ta prøvar av dyra
– Me ser at leverikter er eit aukande problem dei siste åra, slår Stuen fast.
Han rådar bøndene til å undersøke om dei har leverikter i si besetning, og eventuelt behandle. Snyltaren haemonchus har også hatt gode forhold denne sesongen, men denne er no i ferd med å gå i ”dvale” i dyret. Det kan difor vere vanskeleg å få hundre prosent effekt av behandlinga.
– Det er lurt å ta avføringsprøvar av sauer med diaré og nedsett tilvekst før behandling mot snyltarar, for å kartlegge kva som er utfordringa, seier professoren.
Han oppmodar også bøndene til å følgje med på slakteoppgjeret. Der vil bonden få informasjon om eventuelle dyr med leverikter.