Tre produsentar i korga: Gardsutsala som poppar opp på Jæren, har gjerne varer frå andre, lokale produsentar i butikken. I denne korga er både Ystepikene, nyoppstarta Jerseymeieriet, og Bjerkreimsbaserte Nyyyt representert. Foto: Liv Kristin Sola
Dei siste to åra har det skjedd noko på Jæren. Mange flotte gardsutsal poppar opp, og fleire er under planlegging. Lokalmat er i vinden som aldri før, men er det plass til alle?
Jane Brit Sande
Heidi Netland Berge er rådgivar innan mat og drikke, og har jobba for fleire av bøndene som tar sats på Jæren.
– Det har vore tradisjon for små gardsutsal, meir som ei lita sjølvbetjent bu langs vegen, i ei årrekkje. No blir denne modellen løfta til noko som liknar mykje meir på ein butikk, seier Netland Berge.
– Trendane smelter saman
Oppgangen i etableringar skuldast meir enn ei auke i etterspurnaden etter lokalmat, ifølgje Netland Berge.
– Folk vil sjå bonden som produserer maten og dyra den kjem frå. I tillegg har pandemien gitt folk meir tid heime, dei lagar meir mat og er meir medvitne om gode råvarer, seier rådgivaren.
– Alle desse trendane smelter saman, og gir eit godt utgangspunkt for bønder som vil selje eigne produkt frå gardstunet, seier ho.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.