Anders Schanche Rettedal er ein av fire unge bønder som kjempar om tittelen Årets unge bonde 2014. Ein jury avgjer kven av dei fire som trekk det lengste strået. Vinnaren vert offentleggjort i morgon, lørdag.
Liv Kristin Sola
Tidlegare denne veka var Bondevennen på reportasjebesøk hjå Anders heime på garden på Mosterøy. Bonden sjølv var travel med å sjekka brunst og inseminera lam og søyer.
Anders Schanche Rettedal og kona Inger Lise Aarrestad Rettedal flytta heim til Klostergarden i 2009, og overtok garden og drifta i 2012. Dei har 730 vinterfôra sauer og slaktar 1.500 gris i året.
Les meir om drifta på garden i neste nummer av Bondevennen.
Stikkord denne saka: Sau