Behovet dekka? Morgondagens bonden vil truleg bruka ennå meir høgteknologiske verktøy enn i dag. Då er det viktig at føretaka som produserer verktøya snakkar ilag med bonden slik at produkta blir godt tilpassa den faktiske drifta. Foto: Istock

Ønskjer du eit ord med i laget om korleis ny teknologi og digitale verktøy kan tilpassast drifta di? Då vil folka i Agritech ha kontakt.

Bothild Å. Nordsletten

– Vårt første mål er å få med bøndene, seier Silje Mydland.

Ho er frå Gjesdal, der ho er avløysar på ein gard med mjølk, ammeku og sau. Ho er aktiv i styret i Bygdeungdomslaget. Og ho er statsvitskapsstudent ved Universitet i Stavanger med praksis hjå Agritech. Agritech? Namnet til tross, er dette såkalla landbruksnettverket jorda i Rogaland, der det samlar både etablerte og oppstarts-føretak, investorar samt alle kommunane på Jæren. Med midlar frå Fylkeskommunen er målet med eit prosjekt dei har kalla «Framtidsbonden», å skapa innovasjon og digitale løysingar til bonden.

– Me ser at det er veldig mange gode digitale løysingar hjå ulike oppstartsføretak, seier Mydland.

– Løysingane er under utvikling eller alt på marknaden. Men dei må i større grad ut til brukarane, til bøndene, for å gjera landbruket meir berekraftig.

«Det viktigaste er at du er nysgjerrig på kva løysingar som er tilgjengelege, og at du ynskjer å prøve nye ting.»

Silje Mydland

Ser framover: Silje Mydland, her med vegleiaren og klyngeleiar i Agritech, Gunnar Crawford, ønskjer å koma i kontakt med bønder som er nyfikne på ny teknologi og digitale løysingar. Foto: Agritech

Vil testa ut løysingane

Løysingane og verktøya det er snakk om, går på overvaking av dyr, helsestatusen deira, dyrevelferd – og ikkje minst presisjonslandbruk: fôring, jordhandtering, mekanikk.

Det er her Agritech blir relevant. For selskapa med ideane og dei faktiske produkta, treng å koma i kontakt med bønder for å høyra om behova deira og tankane deira om tilpassing av dei ymse løysingane til deira drift.

Planen er eit oppstartsmøte med interesserte bønder ein stad på Jæren 14.februar. Nett kor blir avklart snart.

– Kva type bønder er de på jakt etter?

– Me er ute etter unge og vaksne bønder frå ulike stader i fylket, med ulike produksjonar og driftstypar. Det viktigaste er at du er nysgjerrig på kva løysingar som er tilgjengelege, og at du ynskjer å prøve nye ting, seier Mydland.

Ho oppmodar interesserte bønder om å ta kontakt på e-postadresse silje(A)nordicedge.org

Agritech/ Framtidsbonden

  • Landbruksenttverket Agritech og deira prosjekt «Framtidsbonden» er finansiert av Rogaland Fylkeskommune.
  • Agritech blir drifta av Nordic Edge.
  • Nordic Edge er ein ideell organisasjon som samarbeider med næringsliv, akademia og kommunar for å utvikla meir berekraftige og smartare samfunn.
Stikkord denne saka: