Vil i posisjon: (F.v.) Torgeir Knag Fylkesnes (SV), Geir Pollestad (Sp), Nils Kristen Sandtrøen (Ap).
Har me kome dit at utfordringane med mattryggleik, bærekraft og klimaendringar talar så høgt at ikkje eingong politikarane kan overhøyre det? Debatten på Kråkeroestaulen kan tyda på det.
Liv Kristin Sola
Norsk Bonde- og småbrukarlag har snakka om det i årevis. Me treng fleire, ikkje færre bønder, me treng landbruk i heile landet, og me treng små og store bruk. Skal det skje treng me også ein ny landbrukspolitikk.
I går inviterte Telemark og Vest-Telemark Bonde- og småbrukarlag til politisk debatt på Kråkeroestaulen. Tema for debatten var nettopp Ny landbrukspolitikk.
Mykje tyder på at Bonde- og småbrukarlaget sitt krav om ei kraftig snuoperasjon for landbruket no vert teke på alvor. Også på Stortinget.
Trur på endring
Kirsti Winnberg, Kathrine Kinn og Gunleik Mæland sit på staulsvollen med godt overblikk over det som skjer. Kva forventningar har dei til dagens debatt?
– At dei klarer å vere konkrete, så konkrete som dei kan, seier Mæland.
– Eg trur mange politikarar har kome til ei erkjenning om at det må ein ny retning til. Eg håper me får høyre det i dag, seier Kinn.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.