![Tilskot til trøyst: Vipa framleis i fritt fall. Foto: Istock / Sjo Tilskot til trøyst: Vipa framleis i fritt fall. Foto: Istock / Sjo](https://www.bondevennen.no/wp-content/uploads/2025/01/iStock-1324413691.jpg)
Tilskot til trøyst: Vipa framleis i fritt fall. Foto: Istock / Sjo
Ennå eit vipetilskot
– men den lova handlingsplanen for fuglen har ingen sett.
Bothild Å. Nordsletten
Eit nytt tilskot er på trappene i eit forsøk på å hindra at vipa døyr ut i Rogaland. Tilskotet er venta innført i RMP (Regionalt miljøprogram) i 2025.
Bakgrunnen er at partane i jordbruksoppgjeret 2024 blei einige som å innføre eit nytt slikt tilskot. Til Bondevennen fortel Statsforvaltaren i Rogaland at dei i haust arbeidd med å utforme det nye tilskotet, i dialog med vipe-engasjerte bønder.
Forslaget er at bønder som har ein «hot-spot» på eigedomen, altså eit område med fleire vipereir, kan motta tilskot dersom ein viser omsyn til vipa under hekkeperioden. Bonden skal melda ifrå til kommunen om hot-spot’en og føre logg over tiltaka som blir gjort for å verne om vipa. Gjer bonden dette, vil hen kunne motta tilskot for alle reira på eigedommen.
Rogaland sitt framlegg til innretting av tilskotet er sendt til Landbruksdirektoratet. Direktoratet skal så koma med sitt forslag og inkludere vipe-tiltaket i RMP-instruksen.
Framleis ingen plan
Vipa fekk status som kritisk truga (kategorien før «Regionalt utdødd») i 2021. Partiet Venstre fekk då med seg eit samrøystes fylkesting i Rogaland på eit initiativ overfor statsforvaltaren til å laga ein handlingsplan for vern av vipa. Tre år etterpå, i desember 2024, stadfestar Rogaland fylkeskommune til Bondevennen at planarbeidet ikkje har starta.