Ditt regime: Korleis du organiserer drifta di har mykje å seia for økonomien og driftsplanlegginga di. Ja, for kvardagen og livet ditt, faktisk. Foto: Istock / Aramyan
PODCAST:
ENK, ANS, DA…
…eller AS? Finn ut kva føretaksform som passar best for deg og driftsplanane dine i vekas ferske podcast-episode.
Spiss øyrene, for denne veka byr Bondevennen på ‘big business’. Det handlar om kva føretaksform som legg best til rette for den driftsleiaren du ønskjer å vera – og for den beste økonomien.
Dei fleste bønder er organisert i enkeltmannsføretak eller berre «ENK». Det er det mange fordelar med. Men det finst alternativ som kan vera verdt å utforska. Gjerne i lag med ein god rekneskapsførar. Kor mykje ansvar og risiko du aksepterer spelar inn i valet av føretaksform. Type produksjon og forventingar til lønsemd likeså. Og gardsoverdraginga der framme – har føretaksforma noko å seia for korleis den kan føregå?
Inga einskild løysing passar for absolutt alle bønder. Det er fordelar og ulemper med dei ulike måtane å organisera seg på. Bonderådet vårt har derfor søkt råd hjå tre personar med hovud for business:
Ivar Halvorsen, dagleg leiar i rekneskapslaget 5+ på Haugalandet.
Håkon Kverne – smågrisbonde på Bore på Jæren, sjef i Pig business AS.
Og Betuel Frøyland, bonde og siviløkonom.
– Driv du berre slik det alltid har blitt drive på garden din, spør Kverne.
I så fall meiner han det kan vera lurt å gjera seg kjent med andre og kanskje betre måtar å gjera det på.
Podcasten er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.