Sau360: Sauen blir det første husdyrslaget som får eit undervisningsopplegg som er digitalt. No skal Siv Meling i lag med Animalia, bruke dei neste tre åra på å planlegge form og innhald i kurset. – Her finst berre moglegheiter, seier Meling.Foto: Istock
Tanken var å lansere ein saueskule for bønder i Rogaland. Så kom korona. No får veterinær og PhD Siv Meling, statleg støtte til å utarbeide eit nasjonalt digitalt undervisningstilbod til sauebønder over heile landet; Sau360.
Liv Kristin Sola
– Mi erfaring er at i område kor det er tett mellom bøndene, er det mange tilbod og ofte eit sterkt fagmiljø. Slik er det ikkje overalt, seier Siv Meling, som sjølv er sauebonde, veterinær, rådgivar og phd.
– Dei verkeleg gode faglege samlingane er skeivt fordelt geografisk. Det kan gi seg utslag i ulike fagleg nivå og kompetanse. Ikkje minst gir det ulikt tilbod til nye bønder, trur Meling.
– Eg har reist rundt og snakka og snakka om det same, i femten år. Er verkeleg desse «sauekveldsmøtene» den beste arenaen for læriing? Sjølvsagt dukkar det alltid opp ny kunnskap. Repetisjon er heller ikkje feil. Men eg trur mange gjerne har mest trong for ein sosial drøs på desse kveldsmøta, seier Meling.
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.