BN+

Familiebedrift: – Mor og far har verdas beste døtrer, seier Amalia (t.v.) med eit stort smil. Kathrine nektar ikkje for det. Ho er heilt avhengig av at familien trør til.


Ved eit lite vegkryss i Gulen kommune i Ytre Sogn, har ekteparet Kathrine Styve Høydal og Yngve Høydal bygd opp ei bedrift som kombinerer lokale råvarer, gode smakar og ein sosial møtestad.


Liv Kristin Sola


Ved eit lite vegkryss i Gulen kommune i Ytre Sogn, har ekteparet Kathrine Styve Høydal og Yngve Høydal bygd opp ei bedrift som kombinerer lokale råvarer, gode smakar og ein sosial møtestad.


Liv Kristin Sola


Kva kan du gjere på eit vestlandsbruk med 23 dekar dyrka jord og noko beite? I utgangspunktet kva du vil. Men skal du tene pengar må du skape verdiar. Du må du ha ein ide og ein plan. Du må sette deg mål og gå på med innsats og hardt arbeid.
Litt slik har det vore for Kathrine Styve Høydal og Yngve Høydal på Tveita i Gulen i Ytre Sogn. Allereie i 1990 overtok dei slektsgarden til Kathrine. Dei fiksa hus og løe og leidde vekk jorda. I 2001 etablerte Kathrine bedrifta Tveita Mat i lag med ein nabo. I Nordgulen grendehus dreiv dei kafé og catering kvar fjortande dag. Alt på innkjøpte råvarer. I 2006 flytte dei til Eivindvik og utvida verksemda med pub i helgene og utvida opningstid i kafeen.

Lang familietradisjon

Kathrine er utdanna kokk og har lange kjøttradisjonar i slekta. I 1930 etablerte bestefaren ein kjøt- og fiskeforretning i Førde. Blant alt han produserte, vart julepølsa, som han kalla Grytten-pølsa, namngjeten for god smak og fekk ein stor kundekrets. Ein onkel til Kathrine overtok både butikken og pølsetradisjonane etter bestefaren, men då han ga seg i 2013 vart Kathrine stilt overfor eit val. Skulle ho og Yngve overta produksjonen av dei tradisjonsrike julepølsene – og kundekretsen.


– Kan hende er det difor me sit her i dag, seier ho, og ser på Yngve.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: ,