BN+

Effektiv arbeidsøkt: Det godt samkøyrte teamet lyste 166 søyer på rundt ein time. Konklusjon: 12 tomme, 28 einstaka, 62 tvillingar, 48 trillingar, 15 firlingar og ein med fem foster.


Fosterteljing – ei oppdatering for kva som er i vente når vårens vakraste eventyr tek til i slutten av mars. – Det blir nok lam, seier Tonje Nærland Kloster.


Liv Kristin Sola


Ute er det kuldegrader og holkeføre, men i sauehuset hjå Tonje Nærland Kloster og Atle Kloster på Torland på Jæren, er tempoet høgt. Fosterteljar Jan Tore Brattebø har rigga seg til i spesialsetet, korrekt smittesikra med munnbind og hanskar. Med den eine handa på skannaren og ein erfaren fot på pedalen som stenger fronten, er det ingen sauer som slepper unna lysing.
Alle veit kva dei skal gjere. Tonje samlar flokkar, sprett over innreiinga, flytter på grinder og sikrar at det alltid er dyr klart i samlebingen. Ingvar, far til Tonje, syt for at Jan Tore aldri vert arbeidsledig.
Jan Tore har med seg lesestav og alle merker blir registrert elektronisk. Atle sørger for at rett antall foster blir registrert etter kvart som sauene blir lyst. Når teljinga er over får dei ei kvittering med resultatet, som dei registrerer i sauekontrollen i etterkant.

Avkomstgranska vêr

I mange år har dei kjøpt kåra ungvêrar frå andre sauebønder. I fjor vart det annleis.

VIL DU LESE DENNE OG ANDRE ARTIKLAR PÅ NETT?

KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE

Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.

Allereie digital abonnent? Logg inn her


Se veiledning for å bytte passord her.

Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer. 

Har du spørsmål angående abonnement?

Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.

Stikkord denne saka: , ,