PODCAST:

Derfor er eksteriør viktig!

4. oktober 2024 | Aktuelt

Bli med Bondevennen sin podcast-gjeng til Dyrsku’n. Der handlar det om avl og eksteriør – på høgt nivå.

Først ut: Telemarksfeet var den første rasen som fekk sin rasestandard og vart anerkjent som eigen rase. Her er Gunnar Haugo, mjølke­bonde frå Rauland, med 2. kalvskua Hanslin. – Ei særs fin ku. Ho har godt lynne og eit jur i toppsjiktet. Ei 1. premieku, slår han fast. Haugo mjølker både geit og kyr. Foto: Liv Kristin Sola

Første episode av Bondevennen sin nye podcast-sesong tar deg attende til der det heile starta, iallfall det organiserte avlsarbeidet. Kor og korleis? På Dyrsku’n og med utstilling av kyr, så klart.

Bonderådet vårt, altså Ingvild Steinnes Luteberget, Jenny Kleppe og Bjørn Lende – har nemleg fått lyttarspørsmål om kvifor eksteriør er så viktig for avlsarbeidet. Og på Dyrsku’n fann dei svar. Inga sak når dei kunne intervjua ekspertar som Hans Storlien, Gunnar Haugo og Svein Egil Skartveit.

Elles er det ingen tvil om at dyre­utstillingar er med på å skape interesse for eksteriør, avl og dyr og at dei såleis er positive for rekruttering til næringa. Bonderådet diskuterer også korleis avlsarbeidet er organisert og om kva rolle utstillingar har spelt og spelar for avlsarbeidet. Spiss øyrene!

Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller på bondevennen.no

Stikkord denne saka: