Skrifta langs vegen: Ikkje lett for bilistar å oversjå bodskapen på rundballane i Kristiansandsområdet. Foto: Bufetat, Sør

Skrifta langs vegen: Ikkje lett for bilistar å oversjå bodskapen på rundballane i Kristiansandsområdet. Foto: Bufetat, Sør

Bønder hjelper Bufetat

29. juni 2024 | Aktuelt

Rundballar kan brukast til så mangt, også i rekrutteringa av fleire fosterheimar.

Bothild Å. Nordsletten

Ifølgje barne-, ungdoms- og familieetaten Bufetat ventar mange barn i Agder på ein fosterheim. Det er ulike grunnar til at nokre barn ikkje kan bu heime, og det er stadig behov for fleire fosterheimar over heile landet. Når eit barn ikkje kan bu heime, leitar Bufetat først etter ein stad i barnet sitt nærmiljø.

Best lokalt

Bøndene på Sørlandet er godt kjende med behovet for fleire fosterheimar og har gått saman med Bufetat for å synliggjera dette. I juni har fleire måla rundballane sine med “fosterhjem.no” og plassert dei langs fleire trafikkerte vegar rundt Kristiansand.

– Eit barn som kan halda fram på same skule, halda på venane og fortsetja med

fritidsaktivitetane utan å måtte flytta, får ein tryggare overgang i ein ny heim, sier Lena Kristin Øydne Bolstad, rådgjevar i fosterheimstenesta i Bufetat, region sør.

Bøndene Elin Topstad og Karl Kristensen frå Kristiansand er samde:

– For oss bønder er det viktig at alle barn og ungdommar bør få dei beste oppvekstvilkåra. Her gjer. Bufetat ein fantastisk innsats for å bidra til at fleire kan få ein trygg og god fosterheim.

«Uti august og september, då håpa me å sjå ein positiv effekt av kampanjen.»

Jimmy Gonzales, rådgjevar for fosterheimstenestar i Bufetat, region sør

Håpar på effekt

Men verkar kampanjen – har Bufetat rekruttert fleire opne heimar?

– Kampanjen har ikkje vart så lenge. Det er umogleg å seia noko om kva slags effekt kampanjen kan ha hatt før sommaren, seier Jimmy Gonzales, rådgjevar for fosterheimstenestar i Bufetat, region sør.

– Men uti august og september, då håpa me å sjå ein positiv effekt.  Av erfaring ventar me ikkje et ras av folk som kontaktar oss på seinsommaren, men kanskje har me klart å så eit lite frø av interesse hjå nokon som med tida kan bli til noko meir.

Rekrutteringskampanjen er generell, den rettar seg mot alle typar potensielle fosterfamiliar, men Gonzales seier at fleire av barna som treng ein heim ønskjer seg til nokon som held dyr og som bur meir landleg – slik som bønder.