Ei løysing? Bondelaget har lagt fram ni punkt med mål om å auka delen eigd kvote blant aktive mjølkeprodusentar og for å få ned kvoteprisane. Debatten er i gang. Illustrasjonsfoto.
Styret i Norges Bondelag la i førre veke fram ni omfattande punkt som skal bidra til å redusere prispresset på mjølkekvotane her til lands.
Liv Kristin Sola
Kvotemarknaden har blitt ei mare for mjølkenæringa. Kring ein milliard kroner vert årleg tappa ut or næringa og i lomma til passive kvoteeigarar. Ein stor del av mjølkeinntekta går til å betale for retten til å produsere. Stadig nye prisrekordar vert sett for omsetting og leige av kvote. Det som skulle vere eit gode har blitt ein stor verkebyll, ikkje minst for Bondelaget. Å få til eit kvotesystem som i større grad tek vare på dei aktive mjølkeprodusentane og reduserer kvotekostnadene er avgjerande for framtidige generasjonar mjølkebønder. Etter lang tid og med stort press frå aktive mjølkebønder, vedtok Bondetinget i 2019 å ta ein gjennomgang av heile kvoteordninga. Bondelaget har løfta spesielt to utfordringar; å auke delen eigd kvote blant aktive mjølkeprodusentar, og få ned kvoteprisane.
Ni punkt som endrar kvoteordninga
Etter ein høyringsrunde i lokal- og fylkeslag vinteren 2020 har styret i Norges Bondelag summert innspela i ei ni punkt lang tiltaksliste. Punkt som blir viktige blant anna i samband med dei komande jordbruksforhandlingane.
- Utforme eit regelverk der en skil mellom kvote i samdrift og kvoteleige. Dei nye krava skal berre omfatte nye samdrifter etablert etter ein gitt dato og nye deltakarar som tas inn i eksisterande samdrifter etter denne datoen.
- Innføre ei avgrensing på ti år for kor lenge ein kvote kan være leigd ut/ leggast sovande. Etter ti år må kvota anten seljast eller ein må ta opp att mjølkeproduksjonen på eigen eigedom eller legge den i samdrift. Regelverket skal omfatte både nye og eksisterande utleigeforhold, der løpetida vert rekna frå tidspunktet for innføring av det nye regelverket. Regelverket skal også omfatte utleige av mjølkekvotar frå aktive mjølkebruk.
- På ny innføre eit leveransekrav på 24 månadar samanhengande mjølkeleveranse før kvota eventuelt igjen kan leigast ut (jamfør slik regelverket var før 2012). For å unngå at eksisterande samdrifter må oppløysast, må eit eige regelverk for samdrift etablerast, jamfør punkt 1. For å unngå omgåing av tiårs-avgrensinga gjennom skjult kvoteleige i samdrift, vert det innført:
- Avstandskrav
- Eit minimumskrav til eigardel i samdrifta
KJØP DIGITALT ABONNEMENT, ELLER PRØV EI VEKE FOR 1 KRONE
Abonnementet gir deg tilgang til alle Bondevennen sine artiklar på nett.
Allereie digital abonnent? Logg inn her
Se veiledning for å bytte passord her.
Har du abonnement på papir er digital tilgang inkludert.
Send oss en epost på post@bondevennen.no for innloggingsdetaljer.
Har du spørsmål angående abonnement?
Kontakt oss på telefon 51 88 72 61 eller send ein e-post til
post@bondevennen.no.