PODCAST:
Bonde under åtak – vær ærleg!
Landbruket har sjølv ansvar for mykje av kritikken mot næringa, meiner professor i husdyrvitskap, Birger Svihus. Han vil at landbruket blir flinkare til å argumentera for kvifor ein driv som ein driv.
Mange bønder opplever å stå i ein stadig striare straum av kritikk. Det handlar om dyrevelferd, for mykje kjøtproduksjon og skuldingar om å vera klimaverstingar. Einskilde bønder opplever rein hets når dei vågar å ytra seg om drifta si på sosiale medium.
Korleis møter landbruket og bonden dette trykket? Har næringa sjølv skjønnmåla det som av og til kan vera ein brutal verkelegheit, når ei kvige blir sjuk, eller ein gris får halen biten av?
Motstemme: – Norsk landbruk er under sterk kritikk frå mange hald. Det må me vera ærlege om, seier Birger Svihus, professor i husdyrvitskap ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap ved NMBU.
Ja, meiner Birger Svihus, professor i husdyrvitskap ved Institutt for husdyr- og akvakulturvitskap ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet. Samstundes held han fast på at norske bønder er fagleg kompetente, har stor ansvarskjensle og høg etisk standard.
– Ergo må landbruket bli flinkare til å kommunisera, seier professoren i vekas nye episode av Bondevennens podcast, der tema er nettopp kritikken mot landbruket, og korleis møta den.
– Næringa må ikkje snakka dyre- og naturvernarar etter munnen, men ta tak i argumenta deira og forklara kvifor dyr av og til ikkje har det bra. Kvifor landbruket slepp ut klimagassar, eller må gjera om natur til kulturlandskap, seier Svihus.
Han hevdar norsk husdyrproduksjon ikkje har noko å vera flau over. Samstundes har han ikkje sansen for påstanden om at norske bønder gjer så godt dei kan.
– Bønder gjer ikkje så godt dei kan. Dei gjer så godt dei kan innan rimelege grenser, også kostnadsmessige. Me må vera ærlege om korleis det er.
Høyr Birger Svihus i samtale med Ingvild Steinnes Luteberget, samt hennar podcast-kollegaer Jenny Kleppe og Bjørn Lende i vekas ferske episode.
Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.
Podcasten er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.