Har du gode rutinar for å ta vare på vipa i vårvinna? Klarar du å få fram eit kull ungar?
Send inn eit godt bilete og nokre ord som fortel om innsatsen din for å ta vare på den kjære fuglen.
Les også: Bonden er ingen vipe-versting
Bondevennen trekk tre vinnarar. Førsteprisen er på 5000 kroner. Andre- og tredjepremien er eit viltkamera til ein verdi av 1500 kroner.
Send bidraget ditt til post@bondevennen.no Merk e-posten med Vipekonkurranse.
Frist for innsending er 1. juni.
Les også: Gi vipa ein trygg hekkesesong
Vinnaren blir annonsert i Bondevennen nr. 19.
Ved å delta i konkurransen godtek du samstundes at Bondevennen kan nytta namn og bilete du sender inn, på trykk i bladet og på nettsida vår. Det er Miljøvernavdelinga hjå Fylkesmannen i Rogaland som står for førstepremien.