Bli med på ein rundtur gjennom lesarane sine inntrykk frå nokre av gardane som har invitert folk til gards.

Liv Kristin Sola – red. og ansvarleg for kommentarane på bileta.

 

Send oss gjerne dine bilete, så vil me dela dei med alle der ute som sjøl var innom ein gard, eller som kan gleda seg til neste år og nye høve til å besøka ein bonde, post@bondevennen.no

 

Open gard på Ualand i Lund kommune, Rogaland.

Hjå Gunn Linda og Ståle Ualand. Dei har mjølk og sau på garden.

Bileta er sendt inn av Grete Botnan.

  • Åpen gard hjå Gunn LInda og Ståle Ueland, på Ualand i Lund kommune.

 

 

Open gard på Jønsberg vgs i Romedal i Stange kommune, Hedmark.

På Jønsberg var det Vang Bondelag som inviterte til gards i samarbeid med skulen.

Bileta er sendt inn av Ingeborg M. Hoelstad Hellem, Vang Bondelag.

  • Smed som håndtverk er ikke så vanlig å se lenger. På Jønsberg fikk store og små oppleve en ekte smed i arbeid. Noen fikk også oppleve å hjelpe smeden i arbeidet. En opplevelse å ta med seg videre i livet.

 

 

Open gard på Søya gard på Søyland i Gjesdal kommune, Rogaland.

Hjå Anne Karin og Magnus Søyland. Dei har mjølk, sau og gardsutsal på garden. I tillegg til eit lite museum med ustilling av gamle reiskapar og liknande.

Bileta er sendt inn av Margunn Nedrebø.

  • Gamle tradisjonar blei trukke fram på Søya. Dei som ville, fekk prøva å slå gras med ljå, og henga nyslått gras til tørk på hesja.

 

 

 

Stikkord denne saka: