Kraftsatsing: Q-meieriene skal ikkje investera eigne midlar i bygginga av eit biogassanlegg i Klepp, men gi råd og støtte til føretaket Biokraft, som del av meieriet si klimasatsing. Biokraft ønskjer å kunne ta imot opp til éin million tonn husdyrgjødsel frå Jæren. Foto: Q-meieriene
Biokraft satsar på biogass i Klepp – Q-bonden er med
Går alt etter planen startar selskapet Biokraft bygging av storstila biogassanlegg for husdyrgjødsel i Klepp neste år. Q-Meieriene er pådrivar, som del av eiga klimasatsing.
Bothild Å. Nordsletten
– Me vil ha fortrinnsrett for våre eigne Q-bønder, men prosjektet er ope for alle bønder i Klepp, Sola, Sandnes og Stavanger-området, seier Geir Vestly, leiar for produsenttenesta i Q.
Tysdag sendte Vestly ut invitasjon til et ope informasjonsmøte førstkomande fredag kveld, for alle bønder på Jæren. På dagsorden: Oppstarten av biogassanlegg i Klepp. Selskapet Biokraft står for den eventuelle investeringa, bygginga og drift. Q-Meieriene støttar opp om prosjektet ved å leiga ut to rådgjevarar til Biokraft i utviklingsfasen.
Dette er ein korrigert versjon av ein artikkel som vart publisert 14. august. Den første artikkelen ga inntrykk av at Q-meieriene skal investera i eit eige biogassanlegg i Klepp. Det skal ikkje Q-meieriene gjera. Q skal ikkje investera eigne midlar i biogassanlegg, men bidra med støtte og råd til føretaket Biokraft sine satsinsplanar.
Ikkje berre er Biokraft ein av Nordens største produsentar av biogass, føretaket hevdar også å ha klart eit opplegg for både biogass-økonomi og teknologi for å redusera fosforet i gjødselresten etter biogassproduksjonen.
Sistenemnde blir truleg eit krav når det nye gjødselregelverket blir innført.
Gir gass: Saman med Biokraft inviterer Camilla Baustad, prosjektleiar for klima i Q-meieriene og Geir Vestly alle bønder som er interessert til informasjonsmøte om oppstart av biogassanlegg fredag. Foto: Q-meieriene
Samarbeid med grasrota
Avtalen som bøndene som skal levera husdyrgjødsla skal inngå med Biokraft Jæren, vil truleg bli lagt fram under møtet fredag. Den er utforma i samarbeid med Q-bøndene Endre Nærland, Tor Stangeland, Trond Refve, Runar Salte, Jens Hodne og Øyvind Norland. Denne arbeidsgruppa har på vegne av Q-produsentane vore med å vurdert fleire moglege aktørar for biogass. Nå har dei landa på eit samarbeid med Biokraft.
– Me støttar dette arbeidet og trur at nøkkelen er at fleire går saman om å skapa handling, seier Trond Refve.
«Grøne pengar»
Vestly viser til stor satsingsvilje hjå selskapa bak Biokraft: Hitecvision, finske ST 1 og Trønderenergi.
– Biokraft ser kva veg det går med fossile brennstoff. Dei vil satsa grøne pengar og på jordbruket. Sjølvsagt er det nokre kostnadselement som ikkje er heilt avklart, her.
Økonomien og driftsopplegg for bonden skal leggast fram av Biokraft på møtet fredag.
«Eg vil utfordra Pollestad på litt hjelp, ja.»
Geir Vestly, leiar for produsenttenesta i Q
Nå må Pollestad på banen
I invitasjonen står det:
«Det er mange som har planer om å bygge biogass anlegg, men ingen kommer til start. Flere har holdt på i over ti år med planer og mange anlegg er basert på mye fiskeavfall. La oss bli enige om et prosjekt for Jærbonden så kjører vi.»
Fredag kjem landbruks- og matminister Geir Pollestad på Q-besøk. Trass den etablerte samarbeidspartnaren i ryggen, vil Vestly nytta høvet til å be om betre rammevilkår for biogass.
– Eg vil utfordra Pollestad til å vera med å ivareta produksjonsgrunnlaget for mjølk på Jæren. Han må jo vera ein pådrivar for biogass på Jæren!
Éin million tonn
Biokraft ser føre seg å kunna køyra 30 kilometer for å henta gjødsel – frå Stavanger i nord til Hå i sør. Hovudmengda gjødsel er tenkt å vera frå storfe, og litt svin. I tillegg ønskjer dei bønder med gjødsel frå kylling- og eggproduksjon velkomne. Tørrstoffet i gjødsla frå dei to sistnemnde gir nemleg mykje gass.
Ifølgje Terje Hyldmo, prosjektleiar for det som blir heitande Biokraft Jæren, lagar dei ein prosjektplan som tar høgd for leveransar av opp til éin million tonn våt og tørr husdyrgjødsel.
– Det er eit veldig stort volum. Og moglegvis vil me ta inn andre råvarer med utspring i lokalt landbruk, slik som slakteriavfall. Men ingenting frå havbruk. Utgangspunktet her er jo utfordringa med fosforoverskot. Då er ikkje svaret å tilføra ennå meir fosfor, som det finst mykje av i fiskeensilasje og fiskeslam, seier Hyldmo til Bondevennen.
«Utgangspunktet her er jo utfordringa med fosforoverskot.
Då er ikkje svaret å tilføra ennå meir fosfor.»
Terje Hyldmo, prosjektleiar i Biokraft Jæren
Terje Hyldmo
Ei løysing for fosfor
Men kva med fosforinnhaldet som uansett vil finnast i resten/ biogjødsla etter gassproduksjon? Så langt er det ingen anlegg i Noreg som har knekt koden for å oppskalera teknologien for å redusera fosfor i husdyrresten, langt mindre å gjera prosessen lønsam.
«Biokraft har løsning på å ta vekk fosfor.», erklærer invitasjon til møtet.
Og vidare:
«Dette betyr at biorest som kommer tilbake til bonden er hygenisert og har høyere innhold av Nitrogen enn det som du leverte fra deg. Penger for møkka og reduserte kostnader til NPK og i tillegg klimavennlig.»
Hyldmo forklarar.
– Med den nye gjødselforskrifta er det uråd å bygga eit biogassanlegg utan at me samstundes reduserer fosforinnhaldet i den biogjødsla som skal tilbake til bonden. Dette er ein føresetnad for å realisera prosjektet.
Han seier at Biokraft har identifisert to metodar å gjera dette på, men at dei ikkje har avgjort kva for ein dei skal gå for.
– Éin metode, som me kjenner godt frå anlegget vårt på Skogn, tar ut og reduserer fosfor, samstundes som me tar ut mykje av tørrstoffet av bioresten. Ein annan teknologi går ut på å trekka ut berre fosforet gjennom omdanning til struvitt (stoff som inneheld fosfor og kan brukast som gjødsel. Blir danna når ubunden magnesium, ammonium og fosfor reagerer med kvarandre, journ.meld.) Denne metoden er brukt i andre industriar, til dømes reinseanlegg, men førebels ikkje testa i biogass. Me må gjera pilottestar. Det er for tidleg å seia kva for ein av desse metodane som skapar best resultat og som er mest lønsamt.
– Og kva med bonden – er det økonomi i dette for han?
– Me presenterer ein økonomiplan for bøndene fredag, kor bondens totaløkonomi også blir vist. Me trur bonden vil oppfatta at dette er lønsamt, seier Hyldmo.
– Kva avgjer om eit biogassanlegg i Klepp er lønsamt for dykk?
– Utifrå verdien på biogassdrivstoff og byggekostnaden i dag, tilfredsstiller prosjektet krava våre til lønsemd. Men superlønsamt er det ikkje. Og det kan endra seg. Kven veit korleis verda ser ut i morgon? Lønsemd i biogass i Noreg i dag er krevjande.
«Lønsemd i biogass i Noreg i dag er krevjande.»
Terje Hyldmo, prosjektleiar i Biokraft Jæren
Treng grønt lys
Med tusenvis av husdyrbønder i regionen er Hyldmo trygg på råvaregrunnlaget.
Samstundes understrekar han at oppstart avheng av å få godkjent areal for bygging, samt på kommunalt byggeløyve og andre offentlege løyve.
– Ambisjonen er investeringsbeslutning og byggestart neste år, seier han.
Fryktar ikkje konkurransen
Biokraft er som kjent ikkje dei einaste aktørane som er ute etter å bli del av det som har blitt førespegla å kunne bli eit «biogasseventyr» på Jæren. BioJæren AS, der FKRA og franske Air Liquide Skagerak inngår, har storstila planar for eit biogassanlegg på Grødaland i Hå. Det uroar ikkje Hyldmo når BioJæren dimensjonerer for å ta imot 500 000 tonn.
– Med over to millionar tonn husdyrgjødsel her i regionen, er det nok til båe.