
Sterkare saman: Organiserte leverandørar av husdyrgjødsel har meir dei skulle ha sagt andsynes biogass-selskapa, enn kvar for seg, meiner den danske paraplyorganisasjonen Landbrugets Biomasseleverandører. Foto: Istock / Bet_Noire.
Biogass: – Organiser dykk!
Biogass er bra, men det er ikkje berre å hoppa på fordi det høyrest ut som ein fantastisk idé, åtvarar Gitte Grønbæk i den danske organisasjonen Landbrugets Biomasseleverandører.
Bothild Å. Nordsletten
Heilt Texas? Boom? Vel, der er kanskje ikkje biogassen i Rogaland heilt ennå. Men det skjer definitivt noko på denne fronten i fylket. Dei siste vekene har fleire biogassaktørar halde møte med potensielle leverandørar av husdyrgjødsel på Jæren. Bio Jæren, Biokraft og Havila er blant selskapa som hevdar å ha både teknologien til anlegga og avtaletekstane til husdyrbøndene ganske klare.
Ifølgje Rogaland biogassnettverk er det i dag heile åtte aktørar som ønskjer å etablera seg i fylket. Fleire av desse planlegg fleire anlegga av ulik storleik. Dei minste anlegg skal ha ein energiproduksjon på 15-20 GWh, basert på om lag 60 000 tonn substrat. Dei største anlegga vil levera 150-175 GWh av 700 000 – éin million tonn substrat.
Felles for alle aktørane er at dei treng store mengder husdyrgjødsel. Også dei som vil supplera gassproduksjonen med fiskeslam, slakteriavfall eller andre organiske råvarer treng storfe-, svin- og hønselort. Og vel er det mykje husdyrgjødsel i Rogaland, ikkje minst på Jæren. Men utømmelege mengder er det ikkje.
Ergo er konkurransen om bondens gull i gang.
God gang og litt forvirring
Overfor Bondevennen hevdar Havila alt å ha inngått avtale om store volum gjødsel. Biokraft, som samarbeider med Q-meieriene, har annonsert at dei er på veg ut for å banka på gardsdørene. Båe aktørar hevdar å kunne gi bonden gode kontraktar.
Men kven skal bonden signera med? Korleis, i uvissa, forvirringa og løfterikdomen som pregar det som godt kan vera starten på eit nytt eventyr, skal bonden fota seg?
Frå Danmark, der biogassindustrien basert på husdyrgjødsel er vel etablert, kjem ei klår oppmoding.
Lever som lag
– Organiser dykk, seier Gitte Grønbæk.
Ho er styremedlem i Landbrugets Biomasseleverandører, paraplyorganisasjonen for 20 lokale foreiningar av 1030 bønder, som til saman leverer 7,5 millionar tonn biomasse til anlegg over heile Danmark.
– Organiser dykk. Hald møte ilag. Inviter ekspertar. Drøft kva dette er, kva forretning de skal inn i – farar og utfordringar, held ho fram.
I Danmark tok dei større biogassanlegg-utbyggingane til for om lag ti år sidan. Ifølgje Grønbæk gjekk utviklinga langsamare der enn det den tykkjest å gjera i Rogaland, då det ikkje var same konkurranse om eit gitt område, slik som det nå ser ut til å vera særleg på Jæren.
Grønbæk seier danske bønder var raske med å finna saman.

Gitte Grønbæk
– Ein laga leverandørforeiningar frå starten av. Dei stadene der dei ikkje gjorde det, har det ikkje gått så bra. Somme bønder batt seg til tiårskontraktar – og så har dei hatt ulike erfaringar.
Framleis finst det «uavhengige» gjødselleverandørar, fortel Grønbæk.
– Det kan koma av at det aktuelle biogassanlegget ikkje er så stort og at ein har gode forhold til bøndene som leverer. Men så har me også store anlegg som ikkje er interessert i at bøndene samarbeider. Og rundt dei er det ein del misnøye.
Rot med resten
For bonden er det klare fordelar ved å bidra til biogassproduksjon, meiner Grønbæk: Pengar for gjødsla, grønare drift og grønare energi. Samstundes er det òg risiko.
– Som bønder er me vande med å resirkulera næringsstoffa våre. Me veit kva me har. Når gjødsla går til biogass veit me ikkje kva vare me får tilbake. Det er ikkje berre vinn-vinn å få tilbake den avgassa gylla. Får du biorest med, sei, for lite kalium, så er det jo ikkje den kvaliteten du vil ha. Då må du ut og kjøpa inn kalium. Eller kanskje du får attende for mykje fosfor.
Grønbæk seier dei kjenner til mange tilfelle av bønder som har fått for dårleg biorest i retur. Etter kvart som biogassanlegga har byrja ta inn meir halm og strø har bønder også opplevd å få for tjukk gjødsel tilbake. Slike substrat krev også lengre opphaldstid i anlegget.
– Dette har me ikkje løyst ennå, vedgår Grønbæk.
«Du har makt når du skal underskriva ein kontrakt.»
Gitte Grønbæk
Bonde med makt
Og nettopp av den grunn, og fleire andre forhold som det ennå rår uvisse om i dansk biogassnæring, gjentar Grønbæk rådet til norske bønder om å gå i hop.
– Det er så mange ting å forhalda seg til. Skal du låna ut lorten, eller selja den? Korleis føregår fangsten av CO2? Det er ikkje berre å hoppa på fordi dette høyrest ut som ein fantastisk idé. Du må vita meir om kva forretning du inngår i, om vilkåra du skal levera gjødsla under. Du må kjenna til fallgruvene, ordna kontrakten og sikra at du får del i verdiskapinga.
Og som bonde står ein slettes ikkje med hua i handa andsynes biogassaktørane, minner Grønbæk om.
– Du har makt når du skal underskriva ein kontrakt. Også derfor er ein god organisasjon viktig, fordi den kan stille krav.
Føremålet til Landbrugets Biomasseleverandører er å sikra «maksimal verdi» til leverandørane til biogass. Ifølgje Grønbæk har ein god kontrakt alt med økonomi og bioresten å gjera.
– Syt for kvalitet på gylla du skal ha tilbake, for greie leveringsvilkår og passande avrekning. Skilnaden på ein god og ein dårleg avtale er omsynet som blir via returdelen, leveringsvilkåra, kvaliteten på bioresten og økonomien. Som bonde skal du ta del i den økonomiske vinsten.
«Det er så mange ting å forhalda seg til. Skal du låna ut lorten, eller selja den?»
Gitte Grønbæk
Ein veg ut
Somme selskap opererer med intensjonsavtalar før signering av endeleg kontrakt. Norges Bondelag åtvarar mot dette fordi sjølv ein intensjonsavtale kan binda bonden til masta. Grønbæk er av ei anna oppfatning, med éitt atterhald.
– Ein kan inngå intensjonsavtalar, men du må kunna gå ut av den. Den må innehalda eit klårt høve til exit, seier ho.
Klima i gråsona
Etter fleire år med dansk biogass, rår det framleis noko uvisse om kven i verdikjeden som får bokført klimavinsten.
– Det er viktig å ha styr på dette; karbon-fangst, CO²-sertifikat. Det er ikkje berre selskapa som skal gagna på det grøne. Det skal også bøndene, seier Grønbæk.
– Men førebels er me i ei gråsone når det kjem til kva bonden sit att med. Me er ikkje flinke til å få del i desse fordelane. Dette er noko også bøndene sine organisasjonar må ta fatt.