Korn og kunnskap: Bak kvar foredla frøsort ligg fleirfaldige år med forsking og utprøving. Foto: istock / Chepko

Korn og kunnskap: Bak kvar foredla frøsort ligg fleirfaldige år med forsking og utprøving. Foto: istock / Chepko

PODCAST:

Betre frø i ein fei

21. mars 2025 | Aktuelt

Ny kveitesort? Vent i tolv år. Ny timotei? Vent 25 år.
Nå vil Graminor speeda’ opp tempo i laboratoriet.

Mennesket har avla og foredla både dyr og plantar i tusenvis av år. Prosessane for å sikra oss dei beste kvalitetane og mengdene har vore langdryge – og dei pågår for fullt ennå, verda over. Heldigvis, kanskje, tar dei mindre tid nå. Men går det raskt nok – og er frøa du får dei rette?

I vekas nye podcast-episode møter du administrerande direktør for sortsutviklingsselskapet Graminor, Kristin Børresen. Ho forklarar korleis planteforedlinga av både på korn og engvekstar føregår i Noreg, og kva eigenskaper ein vil ha meir og mindre av. Villare klima, sjukdomsresistens, auka sjølvforsyning er stikkord, her. Og, ikkje minst, sterke overvintringsevner.

Og det hastar. Men kva då, når utviklinga av ein ny timoteisort tar 25 år, og ein ny kornsort 12?

I dag finst det fleire måtar å effektivisera avlsarbeidet på. Graminor satsar på «Speed breeding» – ein metode utvikla av NASA for matproduksjon i lukka rom i kosmos. Med denne metoden meiner Graminor å kunne kutte tida det tar å utvikla nye sortar med fire år.

Ein annan metode er genredigering, eller CRISPS, ein klipp-og-lim-verktøy for DNA. CRISPR blir nytta i andre land, men førebels ikkje i Noreg. Skepsisen er stor i somme miljø. For kven skal eiga teknologien og produkta som kjem frå den? Eller –  er det eigentleg så viktig, når CRISPR kanskje kan ta rotta på tørråte og sikra oss meir mat?

Høyr Bonderådet vårt tar avls- og gendebatten vidare!

Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet og Jæren Sparebank.

Du finn podcasten Bondevennen, inkludert arkivet med over 50 tidlegare episodar, der du lyttar til podcast eller via spelaren under.