Etterlyst: Skal dei jærske referansebruka reflektera røynda, trengst fleire nye og store jærbønder med mjølk med på laget. Illustrasjonsfoto: Istock / 36clicks

Etterlyst: Skal dei jærske referansebruka reflektera røynda, trengst fleire nye og store jærbønder med mjølk med på laget. Illustrasjonsfoto: Istock / 36clicks

Ber om ”ja” frå jærske storbønder

12. mars 2025 | Aktuelt

Driv du stort med mjølk på Jæren vil Nibio og Bondelaget at du melder deg som driftsgranskingsbruk.

Bothild Å. Nordsletten

– Talet på kyr på jærske driftsgranskingsbruk har dei siste åra gått ned frå 36 til 34. Men dette stemmer jo ikkje med utviklinga me faktisk observerer, seier Irene Tjøstheim Finnestad.

Ho er organisasjonssjef i Rogaland Bondelag og kjem med ei klår oppmoding til jærske mjølkebønder.

– Det er viktig at dei som får spørsmål om å vera driftsgranskingsbruk svarar ja. Det er viktig for alle at nettopp desse gjer denne jobben.

Påverkar tilskota

Tjøstheim Finnestad påpeiker at det får reelle konsekvensar, dersom driftsgranskingsbruka er mindre enn det dei faktisk er. For driftsgranskingsbruka dannar grunnlag for referansebruka som i sin tur påverkar vurderingane av dei ulike verkemidla i jordbruksoppgjeret.

Irene Tjøstheim Finnestad

Irene Tjøstheim Finnestad

– Og når driftsgranskingsbruket er mindre enn «normalen», kan det slå uheldig ut for innrettinga og fordelinga av tilskot. Det blir sjåande ut som om effekten av produksjonsdrivande tilskot, altså tilskot per volum, er lågare enn effekten av husdyrtilskot eller driftstilskot.

Ifølgje organisasjonssjefen har det blitt færre bønder som takkar ja til å vera driftsgranskingsbruk.

– Men jo fleire nye som melder seg på, jo rettare tal får me for den faktiske utviklinga i mjølkeproduksjonen.

Det er Nibio som er ansvarlege for driftsgranskingane. Dei har alt sendt ut første runde med førespurnadar til aktuelle bønder, men sender ut nye fram til påske.