Liv Kristin Sola
I utgåve nr 34 og 35 trykte Bondevennen to artiklar om forlenga laktasjon i mjølkeproduksjonen. I ettertid har me fått tilbakemeldingar om at det ikkje er beine vegen med ein slik strategi.
Les også Bedre lønnsomhet med lengre laktasjon?
Maks femten månadar
I rettleiar til søknad om produksjonstilskot, står det at kyr som ikkje har kalva dei siste femten månadane før teljedato, ikkje har rett til tilskot som mjølkekyr/ ammekyr. Dei skal reknast som anna storfe med ein lågare tilskotssats. Dette gjeld både for ammekyr og mjølkekyr. For kyr av bevaringsverdige husdyrrasar er grensa atten månadar.
I praksis betyr det blant anna at høgtytande kyr som kan vere aktuelle for forlenga laktasjon, ikkje blir rekna som produksjonsdyr. I tillegg viser det seg at forlenga laktasjon også gir negative utslag på Tine sin velferdsindikator.
Mjølkekyr bli anna storfe
Bondevennen kjenner til produsentar som har fått tilskotet avkorta for kyr i produksjon, men som vert råka av denne regelen. Om dei kalvar dagar før eller rette etter teljedato, betyr altså ein skilnad om dei er å rekne som mjølkekyr eller anna storfe.
Dette er heilt etter regelverket, men etter det Bondevennen erfarer ser praksisen ut til å vere meir utbreidd i somme kommunar enn andre.
Regelen om maks femten månadars kalvingsintervall var i første omgang tenkt for ammekyr. I samband med jordbruksforhandlingane i 2014, vart også mjølkekyr ein del av ordninga.
Leiar i Rogaland bondelag, Marit Epletveit, seier ho har fått reaksjonar både frå enkeltbønder og lokallag om denne saka. Ho lovar å følgje opp saka.
– Me har fått signal frå fleire lag, så dette er heilt klart noko me må diskutere og ta med oss vidare, seier Epletveit.
Vil regelen til livs
Sandnes bondelag har engasjert seg for å få vekk denne tilpassinga i regelverket.
– Bonden må få eit større handlingsrom til å planlegge drifta. Det kan vere å tilpasse produksjonen til meir sommarmjølk, utnytte mjølkepotensialet med forlenga laktasjonar, eller styre kalvinga utanom arbeidstoppar, seier Sven Martin Håland, leiar av Sandnes bondelag.
Han siktar til at mange slit med å få dagane til å strekke til og prøver difor å tilpasse kalvingstidspunkt til periodar kor det er mindre arbeidspress.
– Bonden får meir tid til å ta seg av kalving og småkalvar, seier Håland, og minner om at godt kalvestell er avgjerande for korleis dyret klarer seg resten av livet.
Me bønder må kunne utnytte produksjonspotensialet hjå enkeltkyr,utan å bli straffa av ein regelsom er meint å råke dei mest ekstensive produsentane.
Tilpassa framtida
Stadig fleire bønder nyttar kjønnsseparert sæd og siktar mot reine mjølkelinjer. Parallelt blir det meir kjøtproduksjon ved utstrakt bruk av kjøtfe.
– Med eit slikt driftsopplegg kan det bli meir utfordrande, og heller ikkje ønskeleg, å inseminere høgtytande kyrne tidleg i laktasjonen, seier Håland.
Håland understrekar at dette ikkje er ei stor sak. Den råkar få kyr og enda færre bønder, men Sandnes bondelag ønsker likevel ein debatt rundt desse spørsmåla.
– Slik som genetikken er i dag, kan ei ku vere frisk og rask og mjølke i to år før ho eventuelt vert utrangert. Er det feil? Me må alltid stille spørsmålet om hensikta når me vurderer å avgrense. Har ein regel ingen hensikt, må avgrensinga vekk. Bonden må sjølv avgjere når han meiner det er rett tidspunkt å inseminere kua. Ikkje regelverket, seier Håland.
Sandnes bondelag ser så langt ingen negative konsekvensar av å fjerne regelen, vel og merke for mjølkekyr.
– Dette er ikkje strukturdrivande, ei heller er det ei kostbar ordning i tilskotssamanheng. Me bønder må kunne utnytte produksjonspotensialet hjå enkeltkyr, utan å bli straffa av ein regel som er meint å råke dei mest ekstensive produsentane, seier Håland.
Formålet med regelen var at kyr som ikkje produserer heller ikkje skal få tilskot. Forlenga laktasjon er for bønder som er spissa på mjølk, som har eit driftsopplegg som krev fleksibilitet, eller er i ei omleggingsfase.
– I utgangspunktet vart nok regelen til med tanke på ammekyr, men så ender me opp med å avgrense mjølkebonden sin fleksibilitet til eit rasjonelt driftsopplegg. Då tener ikkje regelen formålet, seier Håland.
Korvidt regelen bør fjernast både for mjølkekyr og ammekyr er ein diskusjon Bondelaget må ta.
– Ei ku som mjølker er i produksjon, medan ei som korkje produserer mjølk eller går med kalv, produserer ingenting og skal med det heller ikkje ha tilskot. Slik sett kan det vere naturleg å ha ei differensiering her, seier Håland.
Forelda driftsopplegg?
Moderne mjølkekyr er avla for høg yting og etter kvart også flate laktasjonskurver. Utsatt laktasjon betyr å bevisst utsette første inseminering for å kunne utnytte kua sin kapasitet til å mjølke. Spørsmålet er om rask avlsframgang har gjort at den moderne mjølkekua ikkje passar inn i det tradisjonelle driftsopplegget som næringa framleis forfektar.
Mange bønder, også her til lands, opplever at kyrne gjerne «vil» mjølke, men vert effektivt justert ned mot «tvangsavsining» på høge ytingar. Det er årsaka til at blant anna danske bønder no prøver ut eit driftsopplegg med forlenga laktasjon.
Treng meir kunnskap
Danske Jesper Overgård Lehmann studerte i sitt doktorgradsarbeid kva effekt forlenga laktasjon kan ha på dyrevelferd, klima og økonomi. Studien ga ingen eintydige svar. Lehmann forklarer det med at dei testa forlenga laktasjon på heile grupper av kyr, uavhengig av yting og laktasjonskurve.
I forsøka sine fann Lehmann at forlenga laktasjon gir lågare årleg yting og redusert fôrbehov, men at mjølkeproduksjonen per kilo tørrstoff auka med inntil 3,5 prosent. Redusert fôrforbruk kan auke grovfôrdelen i rasjonen.
Forlenga laktasjon gir færre kalvar, men færre kalvingar gir mindre sjukdom og auka haldbarheit. Lengre levetid gir lågare utrangeringsprosent og trong for færre kviger til rekruttering. Det kan kompensere for færre kalvar med tanke på kjøtproduksjonen.
På grunn av redusert fôrbehov som ein konsekvens av færre kalvar og ungdyr, har forlenga laktasjonar ein positiv effekt på klima. Men færre kalvar bør kompenserast for med auka levetid og meir bruk av kjøtfekryssingar i mjølkeproduksjonen.
Konklusjonen er likevel at effekten på klima og på bonden sin økonomi, avhenger av i kva grad bonden sjølv er i stand til å realisere desse fordelane.
I haust starta Aarhus universitet eit prosjekt for å sjå kva for kyr som eignar seg for forlenga laktasjon.
Les om kva for kyr som egnar seg.
Dårleg velferd med forlenga laktasjon?
Tine har rulla ut Dyrevelferdsindikatoren, som skal gi eit bilete av dyrevelferden på bruket, basert på tal frå kukontrollen. Delindikatoren Fruktbarheit seier noko om avstand mellom første og siste inseminasjon, kalvingsintervall og utrangering på grunn av fruktbarheit. Slik dyrevelferdsindikatoren er rigga i dag, vil forlenga kalvingsintervall gi negativt utslag på indikatoren.
– Tine har ikkje til hensikt å straffe dei som ønsker å forlenge laktasjonen, men eg ser at det vil ha ein slik effekt på delindikatoren fruktbarheit, skriv Stine Grønmo Kischel i en epost til Bondevennen.
Kischel, som er spesialrådgivar for dyrevelferd, understrekar at velferdsindikatoren er ingen fasit, men eit verktøy for bonde og rådgivar til å jobbe systematisk med dyrevelferd.
– Å lage ein indikator som tar for seg alle typar driftsopplegg er dessverre umogleg. Tolking av tal og besøk i fjøset er avgjerande for å vurdere faktisk dyrevelferd på bruket, seier ho.
Kischel er likevel opeen for å revurdere kalvingsintervall som ein indikasjon på dyrevelferd. Ho trur avstanden mellom første og siste inseminasjon, fangar opp mange av problemstillingane som vil ha ein effekt på dyrevelferd slik som omløp, ikkje oberverte brunstar eller tidleg kasting.