Bv01_leiar.jpg

 

Fleire forhold medverka til at norsk landbruk fekk merksemd i media i 2012. Det byrja med landbruksmeldinga og det heile kuliminerte med at både Bondelaget og Småbrukarlaget braut med Staten under jordbruksforhandlingane i mai. Senterpartistatsråd og brot med påfølgande demonstrasjonar, – dette gav oppdrift til medieomtale.
Ei samla næring, med faglaga i spissen, stod skulder ved skulder og landbruket vann forståing i folket for at det kostar å drive matproduksjon i Norge. Det blei ikkje meir pengar frå statskassa enn det som låg i budsjettet, men landbruket hadde presentert seg på ein seriøs og ryddig måte og alle som evnar å sjå, ser at det ligg velgrunna forventningar til resultat i komande jordbruksoppgjer. Nyleg framlagt rapport frå Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning om den økonomiske utviklinga i landbruket, er med og underbygger dette.

“Krutrøyken” hadde så vidt lagt seg då tollsaka kom opp på haustparten. Ikkje uventa blei bondekravet om styrka toll innfridd. Ei viktig sak for landbruket, og etter det vi kan sjå; ei økonomisk uvesentleg sak for land og folk. Men saka hadde politisk sprengkraft i seg fordi ho bryt med gjeldande ideologisk vind om å underordna seg marknadsliberalismen. Bare dei som tek innover seg at norsk landbruk, grunna naturtilhøva og kostnadsnivå, treng særlege økonomiske rammevilkår for i det heile å overleva, har forståing for tollsaka.
Ei fersk brukarundersøking som Sentio har gjort for avisa Nationen, viser at det er mange i Norge som ser desse samanhengane – på tross av tung motpropaganda frå dei store mediehusa. Undersøkinga i Nationen konkluderer med auka vilje i folket til å betala meir for maten om det er naudsynt for å halda oppe norsk landbruk.

Ein skal vera varsam med å konkludera, men truleg er det ein samanheng mellom eit synleg landbruk i det offentlege rommet og haldningar i folket. Dei gode resultata frå Sentio-undersøkinga motiverer til vidare arbeid med informasjon og synleggjering av norsk landbruk. Ikkje minst gjeld det i eit år med stortingsval. Landbruket er avhengig av å vinna forståing for òg å skapa politiske alliansar til den nye regjeringa vi får i september 2013, uavhengig om det blir politisk fargeskifte eller ikkje. Og landet vil vera avhengig av det same, om vi skal halda oppe norsk matproduksjon.

Få næringar er meir synleg andsynes forbrukarane enn landbruket. Det må vera kvalitet heile vegen, frå jord til bord. Folk er opptekne av korleis maten blir produsert og korleis han smakar. Valet av norsk mat handlar om kvalitet og at maten er trygg. Dette er ei fagleg utfordring for heile verdikjeda. Landbruket må ha merksemd på etikk og miljø, og samstundes levera det marknaden etterspør.
Gardsbutikkane med sine lokalmatspesialitetar og dei som driv gardsturisme, gardsbarnehage m.m. er også gode representantar for ei open og synleg næring. Det same kan ein seie om Inn på tunet verksemder. Til saman bygger dette opp under forbrukarane sin tillit til landbruket.
Landbruket er ein identitetsberar og opplevingsarena for folk flest. Lite i landbruket er meir synleg enn jord- og skogbrukslandskapet. Kva er Hardanger utan frukthagane eller Jæren utan det aktive og opne jordbrukslandskapet?

Vi ynskjer kvarandre lukke til med å gi folket meir landbruk i 2013!

Eirik Stople
eirik.stople@fkra.no