Bv40_leiar

Nå handlar det om grønsak- og kyllingprodusentar. Coop sitt ICA oppkjøp viser kor sårbare produsentane er når marknadstilgangen endrast over natta. Det er ikkje lenger nok å vera ein dyktig produsent, du må ha den rette kanalen inn til marknaden. Vi ser ein situasjon der råvaremakta er ute av kontroll for den som produserer råvara.
Når grønsakprodusentar som har investert for framtida, står utan leveringsavtale er situasjonen kritisk. Det same er situasjonen for kyllingprodusentar med tomme hus eller redusert utnytting av kapasitet. Situasjonen kallar på solidaritet og samhandling på tvers av posisjonar og eigarskap. Det blir for primitivt å leve etter ordtaket om at den eines død er den andres brød.

– Det har aldri vore flytta på så store varevolum mellom aktørar, fortel gulrotprodusent Laurits Stokkeland, frå Jæren, som vonar det kan finnast fornuftige løysingar for dei produsentane som er ramma av ICA oppkjøpet. Noko av det same ser vi i kyllingmarknaden, der vi får opplyst at 20-30 prosent av totalvoluma ligg inne i flytteavtalar mellom aktørar.

Situasjonen i kyllingmarknaden er ekstra krevjande for Nortura-produsentar. Etter fleire år med utbygging for marknadsvekst endra vekstpilene retning, og i løpet av nokre få månader sist vinter fall etterspørselen i marknaden med 15-20 prosent. Næringa opplevde ein ”mediestorm”, fekk eit forklaringsproblem med helsestatus og det mange oppfatta som medisinbruk i fôret. Narasin var eit nytt ord som blei allemannseige. Når Nortura i tillegg mista leveranse til ICA, tilsvarande 10 prosent av totalvoluma til daglegvarebransjen, seier det seg sjølv at situasjonen blir yttarst krevjande.

Vi kjem ikkje utanom historia når vi drøftar råvaremakta. Samvirke og marknadsordningar blei rigga for å gi makt og tryggleik for pris og marknadstilgang til bonden. Styresmaktene har, tradisjonelt, sett nytten av samvirke, og tillagt organisasjonane viktige samfunnsoppgåver. Samvirke har dessutan vore, og er, ein viktig aktør i gjennomføring av landbrukspolitikken. Motytinga til samfunnet er mål om forsyning av trygg norskprodusert mat og å halda balanse mellom tilbod og etterspurnad i matforsyninga. I dag ser vi at samvirke blir utfordra av ein politikk som svekker felleskapsløysingane.

Korkje grønsak, eller kyllingproduksjonen er inne i marknadsordningane. Om vi ser bort frå skog- og pelsdyrnæringane, er grønsak og kylling av dei mest konkurranseutsette bransjane i landbruket. Tilgangen til marknaden blir regulert via produksjonsavtalar. Det er ingen sikkerheitsnett som demparmarknadssvingingar. Gartnerhallen si rolle er redusert til ein produsentforeining og på kyllingsida er samvirke ein kommersiell aktør på lik linje med andre aktørar, men likevel med ein vesentleg forskjell; eigarskapet. Det utgjer ein forskjell å tenke kortsiktig avkasting på kapital eller å ha eit langsiktig eigarperspektiv.

Bonden, eller råvareprodusenten, treng ein sterk maktfaktor inn mot styresmakter og matvarekjedane. Landbrukssamvirket bør gjera seg fortent til – og ta denne rolla. Då er ein avhengig av ei brei oppslutning for å få autoritet.

Eirik Stople