Ku nummer 767 overgår dei fleste. Ho er 13 år, og ventar kalv nummer tolv i mai.
Liv Kristin Sola
Middel avdrått på dei ti avslutta laktasjonane, er på 10.688 kg mjølk, med eit gjennomsnitt på 4,1 prosent feitt, og 3,3 prosent protein. Samla produksjon til dags dato er på 106.352 kg. Siste veging, i mars, mjølka ho 26,6 kg.
Gromkua er fødd 14. februar 2002, hjå Nyland samdrift i Klepp i Rogaland. Morfar er 4566 Midtbø, far er ukjent. Den første kalven kom til verda i mars 2004. Åttande juli ventar ho sin tolvte kalv.
Alf Eirik Stangeland overtok garden etter far sin, Eirik Stangeland, i januar i fjor. Ytinga i besetninga ligg rundt 10.000 liter EKM pr. årsku.
God fruktbarhet
– Kua har hatt god fruktbarhet. Ho har berre hatt fire omløp, og har snart tolv levandefødde kalvar på seksten insemineringar, seier Alf Eirik.
Celletalet var på 60.000 ved siste kontroll. Kua har tidlegare fått påvist staph. aureus i mjølka, og har vore sintidsbehandla tre gonger. Celletalet har vore lågt heile denne laktasjonen, og speneprøvar har ikkje klart å påvise staph. aureus denne perioden. Kua vert avsina no i mai. Helsekortet viser at ho har hatt mjølkefeber tre gonger, og er behandla mot mastitt ein gong.
– Oksekalvane etter gromkua har vore etterspurt etter kvart som kua har vist seg så haldbar. På Hadeland går det ein heil generasjon på 60 dyr, som har 767 som farmor, seier Alf Eirik.
Sjølv har han ei dotter etter 767. Bonden fortel om ei anna ku i besetninga som måtte slaktast nokre dagar etter siste kalving. Då hadde ho mjølka 94.000 liter.
Utmerking frå Geno
Under ei samling i Klepp produsentlag 14. april, fekk Alf Eirik tildelt diplom og nokre sæddosa frå Geno. Produsentlaget gratulerte med blomster.
– Kua er roleg og gild. Går alt greitt med kua og kalvinga, vil ho verta inseminert igjen, seier eigar, Alf Eirik Stangeland.