Verdifulle Rogaland
Bothild Å. Nordsletten
På Gaza kostar eit kilo kveitemjøl nå nesten 90 kroner*. Mjølet kjem kanskje frå Ukraina. Uansett pris og opphav utgjer det skilje på liv og død.
Heime i Rogaland har bondelaget akkurat fått produsert ein rapport til 450 000 kroner som stadfestar det openberre: At matproduksjon skapar store verdiar.
Og, merkeleg nok – den rapporten trengst.
Dei oppdaterte tala vart lagt fram tysdag i førre veke. Dei er oppmuntrande lesnad. For trass i færre bønder og færre gardar: Rogalandsbonden og næringsmiddelindustrien produserer mat og kastar av seg som berre det.
Mellom anna kjem det fram at verdiskapinga i landbruket auka med 22 prosent mellom 2017 og 2022. Det tilsvarer 4,2 milliardar kroner – ein auke på 747 millionar kroner. Vidare: Landbruket og tilhøyrande industri sysselset 11 000 årsverk.
Samla verdiskaping frå landbruk og landbruksbasert industri var 9,7 milliardar kroner i 2022. Det utgjer 3,1 prosent av den totale verdiskapinga i Rogaland, noko som er marginalt høgare/ 0,5 prosentpoeng meir, enn i 2017.
Og denne verdiskapinga aukar i alle kommunane i fylket.
Dette er ikkje anna enn imponerande.
Men kva er den eigentlege verdien av ein slik verdiskapingsrapport? Bøndene veit godt kva kvalitet og volum dei leverer. Og i ei verd med flaum, tørke og krig burde jo verdien av denne sjølvforsyninga vera opplagt, også for dei som styrer fylket. Såpass så, at ein ikkje plent trong tal og desimalar for å forstå det?
Nja. Som det står i forordet til rapporten: «Landbruket i Rogaland er under press frå mange hald.»
Og der har du grunnen til at me ennå treng slike rapportar.
For planane for fortsatt massiv nedbygging av knapp matjord er ikkje skrinlagde. Ennå blir bøndene færre. Og rundt om i matfylket sit det faktisk folkevalde som ikkje forstår verdien av eit jorde fordi, som ein jærsk politikar faktisk sa: «Det veks jo berre gras der».
All den tid føresetnadane for stor matproduksjon i Rogaland er i spel, må bøndene i fylket bruka dei ferske tala for det dei er verde, inntil dei folkevalde og folk flest tar dei til seg.
Og bøndene treng ikkje vera smålåtne. For rapporten reknar ikkje inn verdien av varene og tenestene som bøndene kjøper frå lokale verksemder, ungane dei fyller bygdeskulane med, eller samfunnsberedskapen dei utgjer.
Verdiane som startar med bonden er altså mykje større enn det som kjem fram i rapporten.
Sjølvsagt er dei det.
Me er heldige som kan minna kvarandre om dette i fredstid, med mette magar og kveitemjøl til 12 kroner kiloet.
* 2200 dollar for ein sekk på 25 kg. Representant for UNRWA/ FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar, til BBC 24.november.
DEI SISTE LEIARANE:
Til pumpene
Folket vil ha meir kumjølk. Heile 50 millionar liter meir til neste år, ifølgje Tine. Det er veldig mykje, og det er veldig gildt.
Og svaret er: Meir ull
Berekraft er eit ullent ord. Det kan bety alt – og ofte ingenting. Berekraftig vekst, berekraftig shopping, berekraftig leiing eller berekraftige sugerøyr. Mykje tar seg betre ut i grøn saus.
Heia dei som bygger!
Å reisa ein ny driftsbygning på garden, er stort for bonden og familien. På mange vis. Satsinga på fleire titals millionar kroner er eit økonomiske kjempeløft for generasjonen som signerer lånepapira, set gravemaskinskuffa i jorda og bestiller betongbil.